Jeff Henderson () er ein USA-amerikansk tidlegare lengdehoppar som vart olympisk meister i øvinga i 2016.

Henderson forbetra i 2014 sin personlege rekord til 8,43 meter. Året etter presterte han livsbeste då han hoppa 8,52 meter og vann lengde-øvinga ved panamerikaleikane i Toronto. Under Sommar-OL 2016 hoppa han årsbeste 8,38 meter og sikra seg gullmedaljen, ein centimeter lengre enn sørafrikanaren Luvo Manyonga. Også under verdsmeisterskapen i Doha i 2019 gjorde Henderson årsbeste i finalen, 8,39 meter heldt til sølvmedalje. Han la opp i 2024.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2015 i Beijing: Nr 9 – 7,95 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje – 8,38 m, framom Luvo Manyonga (8,37 m) VM 2019 i Doha: Sølvmedalje – 8,39 m, bakom Tajay Gayle (8,69 m)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jeff Henderson (athlete)» frå , den 18. juni 2022.

World Athletics

Kategori:Lengdehopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016