Daman og Diu er eit tidlegare forbundsterritorium i India. Hovudstaden var Daman. 26. januar 2020 blei det slått saman med Dadra og Nagar Haveli til det nye forbundsterritoriet Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu.

Ved folketeljinga i 2011 hadde territoriet eit folketal på .Size, growth rate and distribution of population, Census of India, s. 47.

Historie mini|venstre|Kart over Diu frå 1729. I over var desse små kystområda ved Arabiahavet ein del av portugisisk India, saman med Goa og Dadra og Nagar Haveli. 19. desember 1961 blei Goa, Daman og Diu innlemma i India etter ein invasjon.Daman & Diu – WhereInCity.com, India Information Innlemminga blei først anerkjent av Portugal i 1974. Goa, Daman og Diu utgjorde eit enkelt unionsterritorium fram til 1987, då Goa ble ein eigen delstat. Daman og Diu blei då eit separat forbundsterritorium, der kvar av dei to enklavane utgjorde kvart av dei to distrikta i territoriet.

Hovudspråket i Diu er gujarati, medan innbyggjarane i Daman stort sett snakkar marathi. Portugisisk er språket til rundt av innbyggjarane. Minoritetsspråket er i tilbakegang, sidan det ikkje blir brukt i skuleverket. Det finst også kreolspråk basert på portugisisk, nemleg língua da casa ('heimespråket') i Daman, og língua dos velhos ('språket til dei gamle') i Diu.

Geografi Diu er ei lita øy utanfor kysten av Saurashtra-halvøya i delstaten Gujarat. Øya utgjør , og er bunden saman med Gujarat av fleire bruer. Byen Diu ligg på austspissen av øya, som elles omfattar sandstrender ut mot Arabiahavet, jordbruksdistrikt inne på øya og sumpområdet inn mot Gujarat.

Daman er eit noko større landområde på . Det ligg på grensa mellom Gujarat og Maharashtra, nord for Mumbai. Byen Daman ligg ved munninga av elva Damanganga.

Både Daman og Diu er prega av den portugisiske fortida, og i begge byane finst det store portugisiske festningsverk, gammal byarkitektur og rikt utsmykka katolske kyrkjer. Ei liberal haldning til alkohol som også er ein arv frå kolonitida har gjort begge enklavane til populære reisemål for indarar frå område med meir restriktiv lovgjeving.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Daman og Diu» frå , den 16. februar 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Indiske delstatar og territorium