mini|Barokk kartusj på Maison du Moulin à vent i Brussel. Kartusj (fra fransk, til latin ‘(opprulla) papir’) er eit dekorativt rameelement som var utbreidd i renessanse-, barokk- og rokokkoornamentikk.

Det er opphavleg eit ornament i form av ein rull, som til dømes ein volutt frå eit jonisk kapitel. Ein brukte også ovale rammer som kartusjar rundt kongsnamn i det gamle Egypt. I seinare skulptur og måleri kom det til å brukast som underlag for titlar og våpenskjold, og er i denne funksjonen som oftast oval i forma med opprulla rame.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kartusch» frå , den 20. juni 2022.

Kategori:Ornament Kategori:Heraldikk Kategori:Franske ord og uttrykk