Richard Kipkemboi Mateelong () er ein kenyansk tidlegare hinderløpar. Åra 2007-09 vann han to VM-medaljar og ein OL-medalje i 3 000 meter hinder.
Aktiv Mateelong vart andremann på 3 000 meter hinder i IAAF-finalen 2006, ein prestasjon han gjentok i 2007. Både under VM 2007 i Osaka og Sommar-OL 2008 i Bejing kom han i mål til bronsemedalje. I Berlin 2009 sette han personbeste med tida 8.00,8, noko som sikra han sølvmedaljen eit lite halvsekund bak landsmannen Ezekiel Kemboi og like framom Bouabdellah Tahri og Paul Koech. Hausten 2010 sprang Mateelong inn til siger ved Samveldeleikane i Delhi på tida 8.16,3, to sekund framom nettopp Kemboi. 11. mai 2012 presterte Mateelong sitt livs beste hinderløp då han i DL-stemnet i Doha vart klokka inn på 7.56,8, hakk i hæl landsmannen Paul Koech. Sidan han så berre vart nummer 4 i det kenyanske OL-uttaket, glapp London-OL for Mateelong.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2007 i Osaka: Bronsemedalje – 8.17,5 OL 2008 i Beijing: Bronsemedalje – 8.11,1 VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 8.00,8, bakom Ezekiel Kemboi (8.00,4) VM 2011 i Daegu: Nr 7 – 8.19,3
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Richard Mateelong» frå , den 28. juni 2022.
World Athletics
Kategori:Kenyanske hinderløparar Kategori:Afrikameistrar i friidrett Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kenya Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008