Tatiana Grigorieva () er ein russisk-australsk tidlegare friidrettsutøver som utmerkte seg i stavhopp. Ho vann OL-sølv i 2000 og VM-bronse i 1999.
Aktiv Grigorieva vart fødd i Leningrad. I 1997 utvandra ho til Australia og byrja med stavhopp. Sommaren 1999 sette ho landsrekord ved å gå over 4,50 meter i Salamanca i Spania. Nokre veker seinare tok ho bronsemedaljen i øvinga ved VM i Sevilla. Under dei olympiske leikane på heimebane i Sydney hausten 2000 forbetra ho seg til 4,55 m og sikra seg sølvmedaljen i tevlinga. I verdsmeisterskapen 2001 enda Grigorieva på fjerdeplass, jamhøgt med bronsemedaljøren Monika Pyrek. Få veker etter VM flytta ho den australske landsrekord til 4,56 m i Yokohama. Sommaren 2002 sigra Grigorieva i samveldeleikane med eit bestehopp på 4,35 m. Ho forbetra i 2006-sesongen sitt livsbeste i stavhopp til 4,58 m ved eit stemne i Daegu.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje – 4,45 m OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje – 4,55 m, bakom Stacy Dragila (4,60 m) VM 2001 i Edmonton: Nr 4 – 4,55 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tatiana Grigorieva» frå , den 7. juli 2022.
World Athletics
Kategori:Australske stavhopparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Australia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Folk frå St. Petersburg