Philippe Collet () er ein fransk tidlegare stavhoppar frå Nancy. Han fekk bronsemedaljen i øvinga ved europameisterskapen 1986 i Stuttgart.
Aktiv Collet vart fransk meister i stavhopp i 1985, ein prestasjon han gjorde opp att i 1988, 1989, 1991 og 1992. Han sette personleg rekord med 5,85 meter i Paris den 22. juli 1986. Innandørs hoppa han seinare 5,92 m våren 1989 og 5,94 meter i mars 1990, begge gongane i Grenoble. Høgdepunktet i dei store meisterskapane kom då han tok bronsemedaljen i EM 1986 med 5,75, like høgt som sølvmedaljør Vassyl Bubka]. Bror til sistnemnde, Sergej Bubka vart europameister på 5,85 meter. Sidan tok Collet del i medaljestriden både ved Sommar-OL 1988, der han vart femtemann, og i EM 1990 og EM 1994, der han kom på fjerdeplass i begge høva.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1986 i Stuttgart: Bronsemedalje – 5,75 m VM 1987 i Roma: Utslått i kvalifiseringa (-) OL 1988 i Seoul: Nr 5 – 5,70 m EM 1990 i Split: Nr 4 – 5,70 m VM 1991 i Tokyo: Nr 13 OL 1992 i Barcelona: Nr 7 – 5,55 m EM 1994 i Helsinki: Nr 4 – 5,80 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Philippe Collet» frå , den 14. juli 2022.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Franske stavhopparar Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Folk frå Nancy