mini|Fyrste skuledag i Upernavik på Grønland. Skulebarn i tradisjonelle inuittiske klede held grønlandske flagg. mini|Tenning av qulliq til ære for skipinga av Nunavut-territoriet i Canada 1. april 1999 Inuittisk kultur omfattar historiske og noverande kulturuttrykk til inuittar, ei urfolksgruppe frå arktiske og subarktiske delar av Nord-Amerika (delar av Alaska, Canada og Grønland). Forfedrane til dagens inuittar er kulturelt knytte til yupikfolk (Sibir og Vest-Alaska),"Inuit", Canadian Encyclopedia og aleutar frå Aleutane i Sibir og Alaska. Inuittisk kultur viser hovudsakleg til desse områda, men det finst også parallellar til andre såkalla «eskimogrupper». Inuittar levde spreidd over eit svært stort område, med ulike levetilhøve. Dette gjer at kulturen deira alltid har hatt regionale skilnadar, sjølv om det også finst mange likskapar.
Den tradisjonelle livsstilen til inuittane er tilpassa ekstreme klimatiske forhold. Dei grunnleggjande ferdigheitene deira for å overleva er jakt og fangst, i tillegg til å kunna laga klede og utstyr av pels og bein for å overleva. Det var aldri mogleg å driva landbruk i dei millionane av kvadratkilometer med tundra og islagde kystar frå Sibir til Nord-Amerika, medrekna Grønland. Derfor blei jakt kjernen i inuittane sin kultur og kulturhistorie. Dei brukte harpunar og pil og boge for å ta ned dyr i alle storleikar. Heile dyret blei brukt til mat og materiale for klede og utstyr.
Nokre inuittar byrja få jamn kontakt med europearar sidan 1600-talet, og kulturen deira endra seg som følgje av dette. Nokre av dei levde likevel ganske isolert fram til 1900-talet, og følgde den nedervde livsstilen sin. Den europeiske påverkinga på den inuittiske kulturen blei sterkare frå 1800-talet. Kolonisering og modernisering har hatt stor påverknad på kulturen, til dømes er alle inuittar blitt bufaste medan fleire før var nomadiske. I nyare tid er han også blitt truga av klimaendringar.
Namn mini|Presentasjon av inuittkultur, under det franske namnet esquimeaux, frå 1880. Ordet inuit (på inuktitut og kalaallisut, med språkvariantar som iñupiat, inuvialuit og inughuit) er eit autonym, eit namn som desse folka brukar om seg sjølv. Det tyder 'folket'. Eintalsforma er inuk.Hessel, Ingo. Arctic Spirit: Inuit Art from the Albrecht Collection at the Heard. Vancouver: Douglas and McIntyre, 2006: x. .
Europearar i Nord-Amerika brukte å kalla inuittar for «eskimoar», eit omgrep dei sjølv reknar som nedsetjande. Hovudårsaka til at mange meiner «eskimo» er nedsetjande er den usikre, men utbreidde oppfattinga om at det er eit algonkinsk utttrykk som tyder 'etarar av rått kjøt.'Kaplan, Lawrence. "Inuit or Eskimo: Which name to use?" Alaskan Native Language Center, UFA. Retrieved 27 Nov 2013.Eskimo , American Heritage Dictionary of the English Language: Fourth Edition, 2000 Ein cree-talar føreslo at det opphavlege ordet som blei omdanna til «eskimo» kan ha vore (som tyder 'han et det rått'), og inuittar er omtalte i nokre cree-tekstar som (som tyder 'et noko rått').
Ordet «eskimo» er blitt brukt for å omfatta både inuittar, yupikfolk og andre innfødde urfolk frå Alaska og Sibir, men denne bruken er i tilbakegang.
Leveområde og organisasjonar mini|Sirkumpolart kart over inuittar og nabofolk. Inuittar er majoriteten på Grønland, der dei bur i alle område som er moglege å folkesetja.
Det bur ulike inuittgrupper i Canada i Inuvialuit Settlement Region i Nordvestterritoria, Nunavut, Nunavik i Nord-Quebec og Nunatsiavut på Labrador og det ikkje-anerkjende området kjent som NunatuKavut. Med unntak av NunatuKavut blir desse områda nokre gongar kalla Inuit Nunangat.
Inuittar i Alaska, iñupiatfolk, held særleg til i Iñupiat Nunaat nordvest i delstaten.
Det bur også inuittar utanfor dei tradisjonelle leveområda i USA, Canada og Danmark. Mange inuittar dreg frå Grønland til Danmark for å ta utdanning, og slår seg også ofte ned der. Derfor bur dei fleste inuittane i Danmark i dei fire store utdanningsbyane København, Aarhus, Odense og Aalborg, som alle har grønlandske utvandrarsamfunn og kultursenter (Kalaallit Illuutaat).
Inuit Circumpolar Council Inuit Circumpolar Council (ICC), tidlegare Inuit Circumpolar Conference, er ein fleirnasjonal ikkje-statleg organisasjon (NGO) og urfolksorganisasjon som representerer dei 180 000 inuittane, yupikane og tsjuktsjarane som lever i Alaska (USA), Canada, Grønland (Danmark), og Tsjuktsjarhalvøya i Sibir (Russland).
Rådet, som fyrst kom saman i juni 1977, representerte opphavleg urfolk frå Canada, Alaska og Grønland. Det danna eit charter og reglar i 1980. Rådet blei samd om å erstatta omgrepet eskimo med Inuit. Dette fekk ikkje brei aksept hjå alle gruppene, særleg blant yupikfolk. Hovudmåla til ICC er å styrka eining blant inuittar i den sirkumpolare regionen; å fremja inuittar sine rettar og interesser på internasjonalt nivå; å utvikla og oppmuntra til langsiktig politikk som tek vare på det arktiske miljøet; og å søke fullt og aktivt partnarskap i den politiske, økonomiske og sosiale utviklinga av sirkumpolare regionar. Kortfatta er oppgåva til organisasjonen å styrka band mellom arktiske folk og å fremja menneskelige, kulturelle, politiske og miljømessige rettar og politikk på internasjonalt nivå.
Bevaring av inuittiske tradisjonar og kultur mini|Ei gruppe «eldre» inuittar i Alaska. Styresmaktene i inuittregionen Nunavut ser ei av dei viktigaste oppgåvene sine som å verna og ta vare på tradisjonen og kulturen til inuittane. Ein måte å oppnå dette på er å registrera og arkivera munnlege overleveringar frå «dei eldste» om tida før inuittane gjekk over til fast busetnad.
Mange inuittar, særleg i Canada, har gått saman om å danna kooperativ for å selja brukskunst, fiskefangst og driva turisme.
Kulturhistorie
Oversyn Dei felles forfedrane til inuittar og nærskylde folkeslag kom ifølgje antropologiske teoriar frå Aust-Sibir, og nådde området ved Beringhavet for rundt år sidan.Naske and Slotnick, 1987, s. 18.
Inuittar i Nord-Amerika (medrekna Grønland) stammar frå ei gruppe antropologar kallar Thule-folk, som oppstod i Vest-Alaska kring år 1000. Dei hadde skilt seg frå den nærskylde aleutiske gruppa for rundt 4000 år sidan og frå nordaustsibirske migrantar. Dei spreidde seg austover gjennom Arktis. Dei fortrengde den nærskylde Dorset-kulturen (frå 500 f.Kr. til mellom 1000 og 1500 e.Kr.), kalla på inuktitut, som var den siste større paleo-eskimokulturen.
Forfedrane til inuittar, som er kjende som paleo-eskimoar, kryssa Beringsundet omlag 3000 f.Kr. Ein går ut frå at dei nytta vinterisen til overfarten, som fann stad lenge etter dei tidlegare migrasjonane til forfedrane til såkalla indianarar. Arkeologiske funn har vist at paleo-eskimoane flytta til nordlege kanadiske Arktis i 2300 f.Kr., tilsynelatande på grunn av klimaendring. Derfrå følgde dei gradvis viltflokkane over Arktis til Grønland, og spreidde seg til meir distinkte nomadiske stammar. mini|Teltring frå Thule-kulturen ved Meliadine-elva nær Rankin Inlet i Canada Pre-Dorset-kulturen (ca. 3200 til 850 f.Kr.) blir sagt å ha byrja då paleo-eskimoa slo seg ned på øyane i det kanadiske øyriket og nordlege Grønland. Namna «Dorset» og «Pre-Dorset» kjem frå Cape Dorset på Baffinøya, etter ei funngruppe oppdaga i 1925 av antropologen Diamond Jenness som blei identifisert som å koma frå ein til då ukjend «Dorset-kultur». Paleo-eskimoar kom seg gjennom vinteren i det høge Arktis med mange større vanskar enn dei seinare etterkomarane sine, ettersom dei ikkje hadde teknologi som båtar, harpunspissar, hundesleder, bustader anna enn skinntelt eller varmekjelder anna enn små bålgroper og ved av tre. I det sentrale kanadiske Arktis jakta dei hovudsakleg på moskus og karibu med pil og boge, og fiska med pigga utstyr. Grupper som heldt til nær kysten jakta på selar, kvalrossar og mindre kvalar ved å kasta harpunar frå land eller frå havisen.
Periode I (9000–5000 f.Kr.)
Vestlege Arktis Paleo-arktisk tradisjon – Alaska og aust, vest og sørvest av Yukon. Anangula-tradisjonen
Periode II (5000–ca. 2000 f.Kr.)
Vestlege Arktis Ocean Bay I Den nordlege arkaiske tradisjonen
Periode III (ca. 2000–1000 f.Kr.)
Vestlege Arktis Takli-kulturen Den arktiske småreiskapstradisjonen (spreidde seg austover) = Alaskaalvøya, rundt Bristol Bay og austkysten av Beringsundet Austlege Arktis Grupper av den austlege arktiske småreiskapstradisjonen ca. 3000–500 f.Kr. Independence I-kulturen
Nord-Grønland og kanadisk Arktis mellom 2400 og 1000 f.Kr. Denne paleo-eskimoiske kulturen har namn etter Independence-fjorden, der det blei funne spor etter ein større busetnad. Bustadane blei reiste på ellipseforma grunnmurar med boksforma årer i midten laga av høgreiste steinheller. Desse blei fylte med rekved, moskusskit og bein. Dei kan ha gjort eld ved hjelp av eldbor drive med sener, som var utbreidd nokre hundreår seinare.
Saqqaqkulturen 2400-900 f.Kr.
mini|Jaktstad for Saqqaqkulturen i Diskobukta på Grønland. I vestlege og sørlege delar av austkysten av Grønland utvikla Saqqaqkulturen seg rund 2300 f.Kr., og varte i 1500 år. Sentrum for busetnadene deira var Diskobukta i nærleiken av Saqqaq, som har gjeve namn til kulturen. Folket breidde ut kulturen sin langs fjordane og kystlinjene i området. Kulturen til Saqqaq-folket viser ein tydeleg likskap med kulturen i det kanadiske Arktis som blir kalla «Pre-Dorset», og dei to kulturane utvikla seg omtrent samtidig. Forskarar meiner at folket i Saqqaq skilde seg frå pre-Dorset-kulturen, migrerte til Grønland frå Ellesmereøya i nord, og migrerte seinare til sørkysten.
Periode IV (1000 f.Kr-år 1000)
Vestlege Arktis
Kachemak-tradisjonen Norton-tradisjonen – 1000 f.Kr. til år 800 Choris (750–400 f.Kr.),Christyann Darwent and John Darwent, "The Enigmatic Choris and Old Whaling Cultures of the Western Arctic". The Oxford Handbook of the Prehistoric Arctic (2016), edited by Max Friesen and Owen Mason Norton (500 f.Kr.—år 800) Ipiutak (100–200 f.Kr. til år 800), i Nord-Alaska, forløparane til Thulefolk)
Austlege Arktis
Independence II-kulturen (700 til 80 f.Kr.)
Nord- og Nordaust-Grønland frå rundt, nord og sør for Independence-fjorden. Mest truleg av klimatiske grunnar blei ikkje Nord-Grønland folkesett før rundt 500 år seinare. Arkeologiske funn har vist at før Saqqaq-kulturen forsvann frå Sør-Grønland, kom det ein ny kultur inn frå det kanadiske øyriket. Desse nyare innflyttarane viste ein meir utvikla kultur frå eit arkeologisk synspunkt. Kulturen blir kalla Independence II-kulturen, og ser ut til å ha utvikla seg frå dei kanadiske pre-Dorset-kulturane. Dei kan ha kome i nærkontakt med Saqqaq-kulturen.
Utbreiingsområdet til folk frå Independence II-kulturen tilsvarar omtrent til det til folk frå Independence I-kulturen. Dei eldste funna er daterte til 1400 f.Kr., og dei yngste til 400 f.Kr. Forskarar har ikkje stadfesta om dei nordlegaste områda av Grønland var konstant folkesette i løpet av denne 1000-årsperioden, fordi det berre er att rundt 10 bustader. Klimaet på denne tida blei stadig hardare; den varmaste temperaturen i Independence II-perioden samsvarer omtrent med den kaldaste temperaturen i Independence I-perioden.
Arkeologisk forsking har fokusert feltarbeid på område på Grønland som ligg under 83. breiddegrad nord for å finna spor av Independence II-kulturen. I 1987 oppdaga ein restane av ein større Independence II-busetnad oppdaga på Île-de-France (omtrent 78 grader nord). Independence II-folket jakta på dei same dyra som tidlegare kulturar (sel og moskus), men for fyrste gong òg på kvalross. Husa i Independence II-perioden likna husa frå Independence I-perioden, men var meir komplekse. Så langt er det ikkje påvist nokon samanheng mellom dei to kulturane. Independence II-verktøy minnar meir om pre-Dorset og den seinare Dorset-kulturen. Skjebnen til Independence II-kulturen er ukjend; det er mogleg at folk frå han vandra sørover langs austkysten av Grønland og slo seg saman til Dorset-kulturen.