Jake Wightman () er ein britisk friidrettsutøvar frå Nottingham som vart verdsmeister på 1500 meter i 2022. Han har elles vunne EM-sølv på 800 meter i 2022 og EM-bronse på 1500 m i 2018. Wightman sette personleg rekord med 3.29,2 då han den 19. juli slo Jakob Ingebrigtsen under VM-finalen på 1500 meter i Eugene. Vel sju veker seinare presterte han personbeste med 1.43,65 då han vann 800 m ved DL-stemnet i Brussel.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jake Wightman» frå , den 12. september 2022.
World Athletics
Kategori:Britiske mellomdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020