Mari Skurdal ()birthday.se (Besøkt 7. august 2018) er ein norsk lektor, lærebokforfattar og journalist. Frå hausten 2018 har ho vore ansvarleg redaktør i Klassekampen.

Skurdal vaks opp i Oslo, i nedre del av Groruddalen. På gymnas gjekk ho dei første to åra på Foss skole på Grünerløkka. Siste året gjekk ho på Forsøksgymnaset (FG).

Skurdal er utdanna filolog (cand.philol.) (2004) fra Universitetet i Oslo med hovedfag i engelsk litteratur.

Ho har arbeidd i Oslo-skulen, både i grunnskule og vidaregåande. Ho har og vore med å skrive lærebøker i samfunnskunnskap i Aschehougs «Matriks-serie» for ungdomsskulen.

Skurdal hadde jobba som vaktsjef, nyhendeleiar, redaksjonssjef og featureredaktør i ti år i Klassekampen då ho vart tilsett som redaktør i 2018.

Mari Skurdal er dotter av Narve Trædal, og kusine til politikaren Eivind Trædal.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mari Skurdal» frå , den 20. september 2022. Referansar «Nyhetssjef», Universitetet i Oslos nettsider (Besøkt 7. august 2018) Presentasjon på Aschehougs nettsider (Besøkt 7. august 2018) Data frå Ættebok for Lavik (Besøkt 7. august 2018) «Lover stø kurs framover» (Besøkt 16. august 2018)

Kategori:Journalistar i Klassekampen Kategori:Redaktørar for Klassekampen Kategori:Folk frå Oslo