Ulf Hjalmar Ed Kristersson () er ein svensk politikar, siviløkonom og forfattar. Han har sidan den 18. oktober 2022 vore statsminister i Sverige. Tidlegare var han sosialforsikringsminister frå 2010 til 2014.”CV: Ulf Kristersson”. moderaterna.se. Besøkt 10. september 2018.

Bakgrunn Kristersson er son av økonom Lars Kristersson (1938-2015) og adjunkt Karin Kristersson (fødd Axelsson 1938). Han vart fødd i Lund, og budde der fram til han vart fem år. Han vaks opp i Torshälla utanfor Eskilstuna.

Kristersson fullførte vidaregåande skule utdanninga i Eskilstuna i 1983. Han utførte dernest verneplikten som troppssjef i Enköping frå 1983 til 1984.”CV: Ulf Kristersson”. moderaterna.se. Besøkt 10. september 2018. Han fór seinare til Uppsala for å studera forretningsøkonomi og samfunnsøkonomi på universitet i Uppsala, der vart han uteksaminert i 1992. I løpet av studiet var han òg aktiv i Södermanlands-Nerikes Nation, og var mellom anna programsekretær. I mai 2013 vart han æresmedlem i Nationen.

Kristersson er busett i Strängnäs, og har vore gift med Birgitta Ed sidan 1991. Paret har tre døtrer saman, alle adoptivborn frå Kina. Birgitta har arbeida som PR-konsulent, men byrja i 2018 på ei utdanning for å verta prest.”Birgitta Eds liv”. Expressen. Besøkt 10. september 2018.

Kristersson var marknadsføringsleiar for Timbro Publisher frå 1995 til 1998, parallelt med dette arbeidde han som riksdagsmedlem i riksdagen.”CV: Ulf Kristersson”. moderaterna.se. Besøkt 10. september 2018. I 1994 lanserte han boka Non-working Generation. I boka argumenterte han mot den svenske modellen og velferdsstaten, som han samanlikna med apartheid, og meinte at folk vart pressa inn i passivitet.”Tidslinje: Det här är Ulf Kristersson”. Sydsvenskan. Besøkt 7. august 2018.

Ulf Kristersson arbeidde i perioden frå 2000 til 2002 som kommunikasjonsdirektør for IT-firmaet Connecta i Stockholm.

Kristersson var styreleiar i Adoptionscentrum frå 2003 til 2005.

Politikk Kristersson var sosialforsikringsminister i Fredrik Reinfeldts regjering frå 2010 til 2014.

Den 1. september 2017 annonserte Kristersson at han ynskja å taka over etter Anna Kinberg Batra som partileiar for Moderaterna. Den 21. september 2017 vart han nominert av valkomitéen som den nye partileiaren, og den 1. oktober 2017 tiltredde han i stillinga som partileiar.”Ulf Kristersson föreslås bli ny M-ledare”. Aftonbladet. Besøkt 21. september 2017.mini|Kristersson under Almedalsveka i Visby, 2019. mini|Ulf Kristersson på talarstolen i Riksdagen under regjeringskrisa i 2021.

Den 18. oktober 2022 vart han teken i eid som statsminister i Sverige. Han leier ei koalisjonsregjering med partiet hans Moderaterna, Kristdemokraterna og Liberalerna, i tillegg til Sverigedemokraterna som støtteparti.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Ulf Kristersson» frå , den 23. september 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elevar ved Universitetet i Uppsala Kategori:Svenske statsministrar