Mario Draghi () er ein italiensk økonom. Han var Italia sin statsminister frå 13. februar 2021 til 22. oktober 2022. Frå 2006 til 2011 var han leiar for den italienske nasjonalbanken, og var sentralbanksjef (president) i den europeiske sentralbanken frå 2011 til 2019.

Bakgrunn Draghi vaks opp i Roma, der faren hans arbeidde for Italia sin sentralbank. Etter at Draghi vart uteksaminert frå Universitetet i Roma, studerte han økonomi ved Massachusetts Institute of Technology i USA, der han fekk ein doktorgrad i 1976. I 1980-åra underviste han i økonomi ved Universitetet i Firenze og arbeidde for Verdsbanken i Washington, D.C.

Kjelder

Kategori:Italienske statsministrar Kategori:Folk frå Roma