mini|Verdskart av Frederik de Wit frå 1662, framstilt i det leiande forlagshuset for kart og atlas i den gyldne perioden i Nederlanda. Det symboliserer den økonomiske, kulturelle og kunstnariske leiarrolla for landet, som hadde stige fram til å vera ei verdsmakt og sjølv dominerte kartografien. mini|Kart over Dei sameinte Nederlanda av Johannes Janssonius frå 1658 mini|Filip II rundt 1575. Den nederlandske gullalderen var ein epoke i nederlandsk historie med økonomisk og kulturell bløming som hende på 1600-talet etter at i Republikken av Dei sju sameinte provinsane blei skipa i 1581.
Han oppstod av Utrechtunionen, som var forløparen for ei leiande verdsmakt og handelsnasjon, medan resten av Europa opplevde ein stagnasjon eller til og med tilbakegang fram til ca. 1750. Religionsfridommen som rådde i Nederlanda trekte til seg mange menneske frå statar der dei var forfølgde på grunn av trua si. Dei flykta til denne unge republikken som villig tok imot dei. Forfattarar og lærde kom for å kunna skriva og undervisa fritt. Med grunnlegginga av Universiteit Leiden og utviklinga av ånds- og naturvitskapar blei landet eit betydeleg kunnskapssenter.
Nemninga gullalder eller gyllen tidsalder blir særleg brukt om ei hittil ukjend bløming av kultur og målarkunst. Ofte innskrenkar omgrepet seg til dei mange meisterverke innan målarkunsten på 1600-talet.
Bakgrunn I 1477 kom Nederlanda under Habsburg-herredøme. Då var den økonomiske situasjonen allereie blitt gunstig i Dei burgundiske Nederlanda. Særleg under Karl V var det framgang både for landbruk, dyrehald, fiskeri og for handel og industri. I tillegg voks tekstilsektoren raskt, og Antwerpen utvikla seg til eit økonomisk sentrum i regionen. Det gjekk også føre seg ei bløming innan vitskap og kultur, ikkje minst gjennom innsatsen til boktrykkaren og forleggjaren Christophe Plantin. Samtidig var reformasjonstida blitt innleidd, og både Karl V og etterfylgjaren hans, sonen Filip II, gjekk som overtydde katolikkar sterkt inn for motreformasjonen.
Konflikt med Spania Då Filip II erklærte kalvinismen for kjettersk, gjorde dei nordlege provinsane opprør under leiing av Vilhelm av Orange. Med hans forsøk på å besette Brabant blei åttiårskrigen innleidd. Dei sju nordlege provinsane slutta seg saman i Utrechtunionen i 1579 og grunnla Dei sameinte Nederlanda i 1581, medan dei katolske provinsane i sør – i dag Belgia og Luxembourg – blei verande på spansk side.
Avtalen som blei inngått ved danninga av Utrechtunionen gav mellom anna dei nordlege provinsane rett til å kontrollera skipsfarten på Nederrhinen, noko som viste seg å få tyding for den vidare økonomiske utviklinga. I 1585 erobra Spania Antwerpen. Som svar på dette sperra nederlendarane av Schelde, og sperra dermed Antwerpen sin tilgang til Nordsjøen. Slik var kursen sett for Amsterdam som det framtidige regionale handelssentrumet, som raskt kunne legga rivalen Antwerpen bak seg.
I 1608 blei det innleidd fredsforhandlingar med Spania, der også England og Frankrike deltok. Dette medførte at det i 1609 blei inngått ein tolvårig våpenkvile.
Sjøfolk og kjøpmenn Grunnlaget for den framgangsrike nederlandske økonomien låg i Austersjøhandelen som sidan byrjinga av 1400-talet blei driven systematisk frå provinsen Holland og Amsterdam og gjorde provinsen til ein blømande handelsnasjon – trass omleiringa til spanjolane. Mindre og snøggar skip enn dei til konkurrentane, og mindre behov for bemanning, gjorde sjøhandelsfolka frå Amsterdam til dei mest fleksible i samtida. Allereie på slutten av 1500-talet byrja blømingstida for Amsterdam og provinsen Holland.
Rundt år 1600 var det samla ein monaleg investeringskapital i Amsterdam som kunne brukast på nye område. Dei fyrste skipsekspedisjonane blei finansierte for å utforska moglegheitane for handel i Asia og Amerika. Dei nederlandske sjø- og handelsfolka var heldige sidan Hansaforbundet var i tilbakegang; andre konkurrentar var opptatt andre stader av krigar og oppstand – øydelegginga av den spanske armadaen i 1588 kan tena som eit døme. Medan spanjolane konsentrerte seg om engelskmennene og franskmennene som krigsmotstandarar, våga nederlandske handelsskip seg ut på stadig lengre sjøreiser, og kunne relativt uforstyrra finna nye sjøvegar og grunnlegga koloniar. Det dreidde seg framleis berre om enkeltføretak, og i byrjinga berre med mindre utbytte. mini|Austindiaseglskip legg ut Det nederlandske austindiske kompaniet blei grunnlagt i 1602, og utvikla seg snart til å bli det største handelsføretaket i verda på 1600-talet. Det bygde opp eit nederlandsk monopol på handelen med Asia, som det skulle komma til å halda fast på dei neste par hundreåra. Handelsrutene gjekk langs dei afrikanske og asiatiske kystane med støttepunkt i Indonesia, Japan, Taiwan, Ceylon og Sør-Afrika. Til handelen med Vest-Afrika og Amerika blei det danna eit Vestindisk kompani, som med sete i Ny Amsterdam, Nieuw Amsterdam, forvalta besittelsen Ny-Nederland, Nieuw Nederland, dagens New York. Andre område var handel på Austersjøen, med Russland og straatvaart eller Levantvaart, handel med Italia og Levanten, landa på austkysten av Middelhavet.
I 1609 blei Amsterdams vekselbank danna, Amsterdamsche Wisselbank, ein av dei fyrste sentralbankane. I 1611 fekk Amsterdam børs eigen bygning. Vekselsbanken forbetra føresetnadene for handel og fremma betalingssystemet som hittil hadde vore vanskeleg på grunn av dei mange forskjellige valutaer. Gunstige rentesatsar, faste vekselskursar og ein høg utlånsvillighet hjå dei nederlandske bankane tiltrekte seg investorar og finansfolk frå heile Europa.
Religiøs toleranse Dei sameinte provinsane oppstod gjennom ein motstand mot religiøs undertrykking, og borgarane hadde frå byrjinga av religionsfridom. Nyheita om denne toleransen bredde seg raskt og medførte at protestantar, jødar, hugenottar og andre religiøst forfølgde frå Spania, Portugal og andre nasjonar – særleg frå dei spanskbesette sørprovinsene – strøymde inn i landet. Kalvinismen blei den herskande religionen; ved byrjinga av hundreåret var det likevel ein strid om predestinasjonslæra mellom remonstranter, som var tilhengjarar av Jacob Arminius, og kontraremonstranter, som følgde læra til Franciscus Gomarus.
Også humanismen hadde etablert seg med ein av dei fremste talsmennene sine Erasmus av Rotterdam. Denne hadde like stor tyding for den kulturelle og sosiale overgangen frå mellomalder til nytid som han hadde for danningsrørsla, og delvis òg for det tolerante klimaet. Det var likevel ikkje lett å halda oppe toleransen overfor katolikkar, då religion hadde spelt ei viktig rolle i sjølvstendekrigen. Ein kunne i stor grad prøva å overvinna fiendtlege syn med pengar. Difor kunne katolikkar til dømes kjøpa løyve til å arrangera festar, men dei kunne ikkje få noka offentleg tilsetjing. Det same gjaldt for nederlandske mennonittar og jødar. Likevel var nivået for religiøs toleranse tilstrekkeleg høgt til å tiltrekka seg religiøst forfølgde frå andre land, der særleg jødiske handelsfolk frå Portugal førte med seg stor velstand. Likeeins medførte annulleringa av ediktet frå Nantes i Frankrike i 1685 til at mange franske hugenottar drog til Nederlanda, og mange av dei var handelsfolk. Ein innvandrar kunne ta åtte gylden med seg inn i provinsane – dette svarte omtrent til årshyra for ein nederlandsk sjømann, og bidrog difor ein god del til statskassa.
Toleransen hadde likevel grenser. Filosofen Baruch Spinoza offentleggjorde sin Tractatus theologico-politicus anonymt og med falsk oppgjeving av utgjevaradressa fordi han frykta konsekvensar frå både kyrkje og stat. I dette verket gjekk han inn for trusfridom og toleranse, og kravde ein stat som verna om fridommen til borgarane sine. Til slutt blei Adriaan Koerbagh, ein venn og tilhengjar av Spinoza, fengla på skuldingar om utgjeving av opphissande skrifter. Han døydde etter eit år i fangenskap.Blant annet Fritz Mauthner: Spinoza og M. Walther (ufg.): Spinoza – Lebensbeschreibungen und Dokumente . Tractatus blei forboden i 1674.
Bløming Nederlanda var den store økonomiske nasjonen på midten av 1600-talet. Fyrst mot slutten av hundreåret klarte konkurrenten England å gjera krav på den same posisjonen. På denne tida låg økonomisk makt i mindre grad i det å ha pengar, men låg i staden i evna til å skaffa overskot ved varehandel og finansielle transaksjonar og å optimera verdiskapinga. Dette demonstrerte Nederlanda, som var eit areal- og befolkningsmessig lite forbund utan råstoff og nokon landbruksproduksjon av tyding. Amsterdam blei den viktigaste europeiske marknadsplassen. Teoretisk flytta finansielle transaksjonar store mengder edelmetall som følgde betalingane som var eit resultat av handelsavtaler; i praksis blei det handla mykje på børsen utan kontantar via Amsterdamsche Wisselbank. Pengane blei verande som finansiell dekning av handlane som gjekk føre seg på stadane der dei handlande kom frå. Jo større vareleveransar ein handelsby kunne tilby, jo større var tydinga hans – og gjennom dette systemet blei Amsterdam børs det dominerande handelssentrumet på 1600-talet. Den nederlandske økonomien var i den gyldne perioden så sterk at ikkje eingong tulipankrakket i 1637 hadde nokon veldig verknad.
Den finansielle styrken til landet kom i stor utstrekking til gode for borgarane, både sosialt og kulturelt. Sidan borgarskapet tok steget opp til dei øvste laga blei kunsten òg borgarleg. Ein ganske triviell grunn til den kulturelle blømingstida og det aukande talet på bilde var at overfloda av kapital ein hadde oppnådd ved spekulative eller risikable pengetransaksjonar i sjøfarts- og kolonieventyr, skulle nyttiggjerast. Gjenstandar til innreiing og utsmykking, særleg bilde, var ein populær måte å nytta pengane på som sjølv mindre velståande borgarar kunne delta i.
Vitskap Den omfattande lære- og forskingsfridommen som herska i Nederlanda og Universitetet i Leiden trekte til seg mange vitskapsmenn og filosofar frå heile Europa. Det gjaldt òg den franske filosofen René Descartes som budde i Leiden, truleg frå 1628 til 1649. lenkje=//upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/94/Jan_Verkolje_-_Antonie_van_Leeuwenhoek.jpg/250px-Jan_Verkolje_-_Antonie_van_Leeuwenhoek.jpg|mini|Anton van Leeuwenhoek Mange bøker om religion, filosofi og naturvitskap som var forbodne i utlandet eller var på lista til inkvisisjonen over forbodne bøker, kunne trykkast og seljast i Nederlanda. På denne måten utvikla den nederlandske republikken seg i løpet av 1600-talet til eit «forlagshus» for Europa. Amsterdam, som fyrst fekk eit trykkeri omkring 1500, overtok leiarstillinga frå Antwerpen og oppnådde ved sida av Leiden renommé som trykkestad, særleg på grunn av trykkarfamilien Elsevir, som var verksam begge stader.
Nederlandske rettslærde var verdsette for kunnskapen sin om internasjonal rett. Hugo Grotius la grunnlaget for moderne havrett; med utgivinga av Mare liberum skapte han konseptet «det frie havet», som blei truga av hovudrivalen til nederlendarane, engelskmennene. Likeeins formulerte Grotius i boka si De iure belli ac pacis ('Om lovane for krig og fred) rettstankar om konfliktar mellom nasjonar. Kollegaen hans Cornelis van Bynkershoek blir rekna som opphavsmann til tremilssona og hadde òg tyding for utvikling av folkeretten. Likeeins var dei sivilrettslege juristar fremståande i Europa. Grotius sitt sivilrettslege verk om romersk-hollandsk rett, Inleydinge tot de Hollantsche rechtsgeleertheit ('Introduksjon til hollandsk rettslære') blei òg verdsett i Tyskland, og fann via mange til tider ordrette sitat i Arnold Vinnius sitt verk veg til spansk og søramerikansk rettsvitskap. Verk av desse forfattarane – forutan Grotius og Vinnius kan òg Johannes Voet nemnast – gjeld i dag som autoritet i sørafrikansk rett på grunn av den nederlandske koloniseringa av landet.