Cristina Georgiana Neagu () er ein rumensk handballspelar frå București. Ho er fire gongar: 2010, 2015, 2016, 2018, kåra til årets handballspelar i verda. Neagu er rykkromspelar.
Karriere Klubbspel Neagu var frå 2009 aktiv i Râmnicu Vâlcea, ein klubb som 2010 vart nasjonal seriemeister. Same året nådde laget finalen i EHF-meisterligaen, der det vart tap mot danske Viborg HK. Tidleg i 2011 vart ho skadd, og kom fyrst på bana att i oktober 2012. Berre tre månader seinare, i januar 2013, skadde ho korsbandet. Ho forlet i 2013 det konkurstruga Râmnicu Vâlcea. Perioden 2013-17 spelte ho for den montenegrinske toppklubben ŽRK Budućnost. Ho var ein sentral spelar då Budućnost i 2015 sigra i EHF-meisterligaen. Sidan 2017 har ho spelt for CSM București.
Landslagsspel Med det rumenske landslaget har Neagu vunne bronsemedalje ved Handball-EM 2010 og ved Handball-VM 2015. I begge desse meisterskapa var ho toppskårar i turneringa.
Merittar Vinnar av EHF-meisterligaen: 2015 for ŽRK Budućnost Tapande finalist i EHF-meisterligaen: 2010 Râmnicu Vâlcea Tapande finalist i EHF-cupvinnarcupen: 2008 Rulmentul Brasov Rumensk seriemeister: 2010, 2011, 2012, 2013 for Râmnicu Vâlcea – 2018, 2021 for CSM București Rumensk cupvinnar: 2011 for Râmnicu Vâlcea – 2018, 2019, 2022 for CSM București Montenegrinsk seriemeister: 2014, 2015, 2016, 2017 for ŽRK Budućnost Montenegrinsk cupvinnar: 2014, 2015, 2016, 2017 for ŽRK Budućnost VM 2009: Nr 4 EM 2008: Nr 5 EM 2010: Bronsemedalje etter 25–20 mot Sverige VM 2015: Bronsemedalje etter 31–23 mot Nederland EM 2016: Nr 5 EM 2018: Nr 4
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cristina Neagu» frå , den 7. oktober 2022.
Kategori:Rumenske handballspelarar