Uffe Ellemann-Jensen () var ein dansk politikar som frå 1982 til 1993 var Danmark sin utanriksminister, heile tida i regjeringar leia av Poul Schlüter.
Ellemann-Jensen var formann i Venstre frå 1984 til 1998. Han hadde sete i Folketinget for Venstre frå 1977 til 2001. Før han fekk plass i Folketinget, var han journalist. Såleis arbeidde han i Berlingske Aftenavis frå 1967 til 1970. Han vart allment kjend som fjernsynsvert 1970-75 i Danmarks Radio. 1975-76 sjefredaktør i Dagbladet Børsen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Uffe Ellemann-Jensen» frå , den 9. oktober 2022.
Kategori:Danske utanriksministrar Kategori:Venstre-ministrar i Danmark Kategori:Folketingsmedlemmar frå Venstre i Danmark Kategori:Danske partileiarar Kategori:Dannebrogordenen