mini|Sámi Jienat under Samiske kyrkjedagar 2004 i Jokkmokk. Sámi Jienat (på norsk 'samiske røyster') er eit prosjektkor som vart grunnlagd i 2002. Medlemmene er samar frå Noreg, Sverige og Finland. Med ca. 50 medlemmer, er koret ikkje berre det største, men også det einaste samiske koret i verda som fungerer som ei eining på tvers av landegrensene. Koret framfører tradisjonell og moderne joik i tillegg til samiske salmar og joikar på fleire samiske språk.

Korsjangeren er ny i samisk musikk, og Sámi Jienat har samarbeida med fleire anerkjente samiske musikarar og komponistar for å skapa samisk kormusikk, som til dømes med den sørsamiske komponisten og artisten Frode Fjellheim. Sámi Jienat har ikkje ein fast tilhaldsstad, men møtest i gjennomsnitt 2 gongar kvart halvår for øvingar rundt om i dei samiske områda i alle tre land.

Nokre festivalar der Sámi Jienat har deltatt

2002: Randers Internationale korfestival, Randers, Danmark 2005: 46664 Arctic (Nelson Mandela-konserten), Tromsø, Norge 2005: Márkomeannu, Evenes, Norge 2006: Ijahis idja, Enare, Finland 2007: Sámi Easterfestival, Guovdageaidnu, Noreg 2008: Vox Pacis Peace Concerts, Stockholm, Sverige 2009: Samiske veckan 2009 - Ubmejen Bievieh, Umeå, Sverige 2011: Riddu Riđđu Indigenous Festival, Kåfjord, Noreg 2013: Finnfest, Minnesota/Michigan, USA 2016: Festspillene i Nord-Norge, Harstad, Noreg. 2017: Tråante 2017, 100-årsjubileet for samefolkets første landsmøte i Trondheim, Norge. 2018: Staare 2018, 100-årsjubileet for samefolkets første landsmøte i Östersund, Sverige. 2018: Sámi Easterfestival, Guovdageaidnu, Noreg

CD-ar

Sálmmat Sámi (Salmar i Sameland). Luođit Sámis (Joiketoner frå Sápmi)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sámi Jienat» frå , den 16. oktober 2022.

Bakgrunnsstoff

www.samijienat.com (Heimeside)

Kategori:Samisk kultur Kategori:Kor Kategori:Samisk musikk