Marja-Liisa Olthuis ( i Partakko i Enare) er ein samisk lingvist og forfattar som jobbar med enaresamisk.
Biografi
Olthuis vart fødd i 1967 som dotter av Elias Mujo (Sammlii-Kaabi Eljis) og kona Elsa (Piätárii-Heendâ Heeihâ Elsa, tidlegare Elsa Aikio). Då ho var fire år gamal døydde faren og bestefaren i ei snøskuterulukke. Ho byrja på grunnskulen i Partakko i 1974 og fortsette skulegangen i Utsjok og Nuorgam. Då mor hennar gifta seg på nytt, flytte familien til Kuhmo, der Marja-Liisa avslutta skulelaupet. I 1992 gjekk ho ut frå Uleåborgs universitet med ein mastergrad i filosofi. Det same året flytte ho med ektemannen sin til Nederland.
Olthuis har òg skrive fleire skjønnlitterære bøker og dikt. For barneboka Njobžâvääri pessijâšmarkkâneh vart ho utmerka med ei oppføring på æreslista til International Board on Books for Young People (IBBY). I 2021 gav ho ut den fyrste enaresamiske science fiction-boka nokon sinne, Masa jo mánudáást.
I 2020 vart ho tildelt Linguapax International Award for det vellukka arbeidet sitt med å revitalisere det enaresamiske språket.
Ho bur i Nederland saman med mannen sin og dei to døtrene deira. Dei pratar enaresamisk heime.
Lingvistisk arbeid Olthuis fullførte lisensiatgraden sin, ein grad mellom master og doktorgrad, i 2001. I 2007 forsvarte ho doktorgraden i enaresamisk språk på enaresamisk. Ho var den fyrste til å forsvare ein doktorgrad på enaresamisk. I samarbeid med Uleåborgs universitet starta ho i 2009 opp eit eittårig intensivkurs i enaresamisk. Dette er ei vidareutdanning meint å gjennopplive språket, og rettar seg fyrst og fremst mot yrkesgrupper som har mykje kontakt med born og ungdom. Deltakarane vart nøye utvalde med tanke på behova til det samiske samfunnet. I laupet av to år vart prosjektet fullstendig finansiert av den finske staten, og deltakarane får betalt tilsvarande den løna dei hadde i det førre yrket sitt medan dei deltek. Olthuis har skrive ei ordbok og ein grammatikk for å fremje det enaresamiske språket. Ho utviklar språkprogram som skal gjeva born og ungdom aktive språkkunnskapar. Interessene hennar omfattar dei samiske språka, finsk, språkrevitalisering, leksikologi, andre- og framandspråksopplæring og omsetjing.
Utgjevingar i utval
Skjønnlitterære verk
2006: Njobžâvääri pessijâšmarkkâneh (barnebok) 2006: Njobžâvääri jonsahpeivkähteeh (barnebok) 2021: Masa jo mánudáást (science fiction-roman)
Vitskaplege monografiar 2007: Inarinsaamen lajinnimet ja sienten kansannimitysten historiaa ja oppitekoisten uudisnimien muodostuksen metodiikkaa (doktoravhandling) [Historia til enaresamiske artsnamn og metodikken attom folkelege nemningar og faglege neologismar] 2013: Revitalising Indigenous languages. How to recreate a lost generation (saman med Suvi Kivelä og Tove Skutnabb-Kangas), Bristol: Multilingual Matters ISBN 978-1-84769-887-2
Lærebøker og ordbøker 2000: Kielâoppâ 2005: Sämikielâ sänikirje säämi-suoma ja suomâ-säämi
Omsetjingar til enaresamisk 1991: Sun ana mist huolâ 1995: Evaƞgelium Matteus mield 2003: Luándukirje
Prisar og utmerkingar 2008: Oppført på IBBY sin Honour list for Njobžâvääri pessijâšmarkkâneh 2020: International Award tildelt av Linguapax
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marja-Liisa Olthuis» frå , den 18. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff Hennar eigen blogg
Kategori:Samiske språkforskarar Kategori:Samiske forfattarar Kategori:Samiske leksikografar Kategori:Finske språkforskarar Kategori:Folk frå Enare Kategori:Personar innafor samisk språkforsking