Rishi Sunak () er ein britisk konservativ politikar. Han er medlem i det britiske parlamentet, og har tidlegare vore finansminister. Sunak er den 54. statsministeren i Storbritannia.
Bakgrunn Rishi Sunak studerte politikk, filosofi og økonomi ved universitetet i Oxford. Han studerte òg MBA ved universitetet i Stanford.
Han vart vald inn i det britiske parlamentet i 2015 som medlem av det konservative partiet, for valkrinsen Richmond i North Yorkshire.
Sunak har vore finansminister frå 2020 til 2022, og sjefssekretær for finansdepartementet frå 2019 til 2020.
Etter at Boris Johnson trekte seg 7. juli 2022 som partileiar og statsminister, vart Sunak ein leiarkandidat. Han og Liz Truss vart dei to gjenståande kandidatane til å taka over i eit val gjort av medlemmane i partiet. Den 5. september 2022 vart det kunngjort at Truss hadde vunne leiarvalet med 81 326 røyster mot Sunak sine 60 399.
Etter at Liz Truss trakk seg frå stillinga etter berre seks veker, melde Sunak seg att som kandidat, og vann. Han vart dermed partileiar og statsminister i Storbritannia.
Sunak er gift med Akshata Murthy, og saman har dei to døtrer.
Kjelder