Pedion tou Areos eller Pedion Areos (gresk Πεδίον του Άρεως eller Πεδίον Άρεως, pronounced [peˈðion tu ˈareos], tyder 'Marka til Ares', tilsvarande fransk Champ de Mars og den antikke Campus Martius) er ein av dei største offtentlege parkane i Aten i Hellas.
Namnet viser også til nabolaget rundt.
Park lenkje=//upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/98/Athens_Pedion_tou_Areos471.JPG/220px-Athens_Pedion_tou_Areos471.JPG|mini|Byste av Dimitrios Papanikolis Parken blei utforma i 1934 for å heidra heltane frå den greske revolusjonen eller sjølvstendekrigen i 1821. 21 slike heltar er avbilda gjennom marmorbyster i parken. Opphavleg planla ein også å byggja eit "Panteon" til ære for opprørarane, og eit stort kristent tempel vigd gresk sjølvstende.
Parken er offentleg eigd og dekkjer eit område på 27,7 hektar. Han ligg rundt 1 km nordaust frå Omonoiaplassen. I dag ligg gatene Mavromateon, Evelpidon, Pringiponisson og Alexandras-avenyen rundt han. Framfor hovudinngangen har det stått ein ryttarstatue av kong Konstantin I sidan 1938.http://www.ert-archives.gr/V3/public/pop-info.aspx?tid=5894&tsz=0&act=mInfo Ved den andre inngangen, nær Alexandras-avenyen, står eit minnesmerke til engelske, australsk og newzealandske soldatr som kjempa i slaget om Hellas under andre verdskrigen. På toppen av minnesmerket står ein statue av gudinna Aten.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pedion tou Areos» frå , den 22. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Aten Kategori:Parkar i Hellas