Daddelvedtak, også kalla daddelvotum eller kritikkvedtak, er den sterkaste forma for kritikk som Stortinget kan kunngjera overfor ein statsråd utan å fremma mistillit.NRK: Nå nøstes det i problemene
Ordet kjem frå verbet «å dadla» («kritisera», «klandra», «irettesetja» og skriv seg frå tysk Tadel i tydinga «mangel» eller «skuld» og på tysk heiter det tadelfrei, feilfri) og praksisen med bruk av ordet oppstod rundt 1830.Det Norske Storting gjennom 150 år, Oslo, 1964, s. 323. Fulltekstutgave fra Nasjonalbiblioteket. I Stortinget freista opposisjonen å auka innverknaden sin mellom anna ved «adresser» og kritiske merknader (daddelvotum). Daddelvedtak vart gjort mellom anna i 1842 (mot statsminister Due og statsråd Schouboe) og 1860 Daddelvotum var lett tilsløra mistillitsfråsegner.
Daddelvedtak gjennom historia Daddelvedtak er sjeldan brukte av Stortinget.Danielsen, M. A. (2017). Komité utenfor kontroll og konstitusjon? En analyse av Kontroll-og konstitusjonskomiteens kontroll med forvaltningen i perioden 2001-2017 (Master's thesis, Universitetet i Oslo).Salomonsen, M. Ø. (2006). Stortingets makt på lovgivningsområdet: undersøkelse av Odelstingets endringer av regjeringens lovforslag og Stortingets signaler under Bondevik II (Master's thesis, Universitetet i Oslo).
Frå 1814-1884 Sidan Kongen var utan daddel, og rådet frå kongen ikkje stod til ansvar, vart daddelvedtak brukt som eit alternativ til riksrettssak.
1884-1945 Som ei følgje av innføringa av parlamentarismen, var ikkje daddelvedtak lenger naudsynt og det forsvann dermed ut av bruk.
Etter andre verdskrigen
Sidan andre verdskrigen har det vore nokre få daddelvedtak i Stortinget.
Regjering Tidspunkt MinisterÅrsakGerhardsen IIRegnskapsrot og motstridande opplysningar om fiskeanlegg i Melbu.Regjeringa tok først sjølvkritikk og fekk seinare eit daddelvedtak for våpeneksport som enda opp i Fidel Castros hender.Gerhardsen IIITrygve Lie (Industriminister)Lie fekk kritikk for manglande planlegging og byggoverskridingar i samband med Norsk Koksverk AS.Trygve Lie (Industriminister)Lie fekk kritikk for manglande opplysningar om den Norske Creditbank i samband med behandling av Husnes-saka.Brundtland IIIRegjeringa fekk kritikk for samanblanding av partipolitikk og arbeidet til departementet.Bondevik IIAnsgar Gabrielsen (Næringsminister)Gabrielsen fekk kritikk for salet av aksjane i investeringsselskapet SND Invest.Kristin Krohn Devold (Forsvarsminister)Devold fekk kritikk for manglande internkontroll og rekneskapsrot i forsvaret.Kristin Krohn Devold (Forsvarsminister)Devold fekk kritikk for manglande informasjon for at Forsvarsdepartementet ikkje hadde framlagt informasjon for Stortinget om viktige faglege innvendingar knytt til nedbemanninga av ulike fagstaber i ulike einingar av Forsvaret.Stoltenberg IIRegjeringa vart kritisert for manglande tryggings- og beredskapstiltak i samband med terrorangrepa 22. juli.SolbergAndars Anundsen (Justisminister)Anundsen unngjekk eit mistillitsforslag, det vart i staden fleirtal for eit daddelvedtak.Sylvi Listhaug (Justisminister)Listhaug fekk kritikk for offentleg å ha «sett fram uriktig og krenkende påstandar knyttet til bekjempelse av terror i Noreg», gjennom ein Facebook-post om Arbeidarpartiet, i samband med ein pågåande debatt om eit lovforslag der regjeringa hadde foreslått at statsborgarskap skulle kunna bli fråtatt personar via administrativ avgjerd. Opposisjonen, beståande av mellom anna Arbeidarpartiet, forkasta forslaget med grunngivinga at dette berre skulle skje ved dom.Eit mistillitsforslag mot regjeringa fall, i staden vart det fleirtal for eit daddelvedtak. Kritikken gjekk på mangelfull objektsikring.Erna Solberg (Statsminister)Salet av Bergen Engines til TMH International (russiske Transmashholding) vart stoppa 23. mars 2021 av regjeringa grunna omsynet til norsk trygging. Kritikken handla om at salet vart stoppa altfor seint og at lovlegheita av salet ikkje hadde vorte vurdert opp mot lova om nasjonal trygging.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Daddelvedtak» frå , den 22. oktober 2022.
Kategori:Norsk politikk