Åse Hiorth Lervik () var ein norsk litteraturvitar og professor ved Universitetet i Tromsø.
Ho vart cand.philol. 1961 og dr.philos. i 1971 på ei avhandling om Ibsens versekunst i Brand.Åse Hiorth Lervik: Ibsens verskunst i Brand, U-bøkene 1969 I 1972 vart ho professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Tromsø. Ho utgav bøker om kvinnelege forfattarar og skildring av kvinner i norsk litteratur. Ho var redaktør for tidsskriftet Edda og for Nordisk tidsskrift for litteraturforsking frå 1972 til 1985, første året saman med Edvard Beyer.
Universitetet i Tromsø har sidan 1996 delt ut ein årleg pris oppkalla etter Åse Hiorth Lervik for beste masteroppgåve med kvinne- og kjønnsperspektiv.Tidligere års vinnere av Åse Hiorth Lerviks pris uit.no
Ho var styremedlem i Oslo Kvinnesaksforening frå 1969.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Åse Hiorth Lervik» frå , den 27. oktober 2022.
Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Professorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Folk frå Oslo