Jill M. Walker Rettberg () er ein australsk-norsk forskar på digitale medium. Ho er professor i digital kultur ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved Universitetet i Bergen.profil – Universitetet i Bergen
Rettberg tok hovudfag i litteraturvitskap på ei oppgåve om hypertekstfiksjon.Jill Walker Hypertextual criticism : comparative readings of three web hypertexts about literature and film Hovedoppgave i litteraturvitenskap - Universitetet i Bergen, 1998 ISBN 82-8088-105 Ho tok dr.art.-graden i 2003 på ei avhandling om forteljarteknikk i fiksjonslitteratur på internett.Jill Walker Fiction and interaction: how clicking a mouse can make you part of a fictional world 2003 ISBN 82-497-0183-6 Frå 2005 til 2007 var ho leiar for Institutt for humanistisk informatikk.
Rettberg har særleg skrive om dataspel, digital kunst, sosiale medium og nettmedium. Saman med Hilde G. Corneliussen har ho redigert ei bok om brukarkultur og tolking av Quests i fleirbrukarnettspelet World of Warcraft (WoW). I 2008 utgav ho ei bok om blogging, og skreiv eit kapittel som oppsummerte norsk blogghistorie i boka Gi meg ei scene! frå 2013.Kristian A. Bjørkelo red. Gi meg en scene! Norsk blogghistorie - ti år med terror, traumer og dagens outfit, 2013 ISBN 9788282820356
Ho mottok Meltzerprisen 2005 for god forskningsformidling.
Bibliografi
Seeing Ourselves Through Technology: How We Use Selfies, Blogs and Wearable Devices to See and Shape Ourselves. Palgrave 2014. ISBN 9781137476654. Blogging Cambridge Polity Press 2008 ISBN 978-0-7456-4133-1, 2. ugave 2014. Hilde G. Corneliussen og Jill Walker Rettberg (red) Digital culture, play, and identity: a World of Warcraft reader MIT Press ISBN 978-0-262-03370-1 Jill Walker Fiction and interaction: how clicking a mouse can make you part of a fictional world 2003 ISBN 82-497-0183-6 Jill Walker Hypertextual criticism comparative readings of three web hypertexts about literature and film Hovedoppgave i litteraturvitenskap 1998
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jill Walker Rettberg» frå , den 27. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff
Rettbergs blogg Ansatteside ved Universitetet i Bergen Et samfunn styrt av algoritmer – lydopptak ved Bergen Offentlige Bibliotek 18. april 2018 Kategori:Australiarar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Norske vitskapsfolk Kategori:Fødde i 1971