Toto er ei amerikansk rocke-, pop- og proggruppe som hadde størst kommersiell suksess på 1980-talet. Gruppa blei forma av nokre av dei mest vidgjetne og erfarne studiomusikarane på det seinare 70-tal. Debuten med det sjølvtitulerte albumet Toto i 1978 førte dei rett inn spekteret av populær rock på den tida. Med utgjevinga Toto IV oppnådde dei i endå større grad både journalistisk og kommersiell suksess, og blei eit av dei mestseljande banda på den tida. Sjølv om populariteten i USA har minska dei siste tiåra, har den heldt stand i Europa og andre delar av verda. Bandet har i alt gitt ut 17 album og seld over 30 millionar album. Dei er kjende for slagerar som «Hold the line», «Rosanna» og «Africa», og dekkjer elles fleire ulike musikksjangrar; mellom anna pop, rock, funk, prog og jazz.
Biografi
Den første perioden Seks studiomusikarar starta i 1976 bandet Toto. Keyboardist David Paich kjende trommeslagaren Jeff Porcaro og dei starta å vurdere om dei skulle starte eit band saman, i staden for å spele som sessionmusikar. Med seg på laget fekk dei gitarist Steve Lukather, bassist David Hungate, keyboardist Steve Porcaro og vokalist Bobby Kimball. I 1977 starta dei produksjonen av sitt første album. Namnet kom frå det latinske ordet Toto, som tyder altfemnande. Dette passa godt då dei alle hadde brei erfaring med mange musikksjangrar og hadde planar om å blande mange sjangrar inn i musikken. Det sjølvtitla debutalbumet (1978) kom raskt inn på hitlistene, med god hjelp frå singelen «Hold The Line», som den dag i dag er ein av dei mest kjende låtane til bandet. For dette albumet blei dei nominert til Grammy for beste nye band. Allereie året etter gav dei ut albumet Hydra, som inneheldt hiten «99». Det neste albumet Turn Back (1981) var eit eksperimentelt album, og oppnådde i motsetnad til dei to første albuma, ingen kommersiell suksess. Toto IV derimot, var bandet sin største kommersielle suksess. Bandet var under stort press frå plateselskapet etter det låge salet av det førre albumet, men innfridde forventingane, og meir enn det. Albumet vann heile seks Grammy-prisar, inkludert prisen for beste song for «Rosanna». Den andre hitsingelen frå albumet var «Africa».
Nye vokalistar mini|venstre|David Paich under ein konsert Før Toto IV blei utgjeven slutta bassist David Hungate i bandet for å bruke meir tid med familien, og under prosessen med det nye albumet Isolation blei Bobby Kimball sparka som vokalist. I staden kom Mike Porcaro og Fergy Frederiksen inn som bassist og vokalist. Sjølv om Isolation var ein kommersiell suksess, kunne ikkje albumet måle seg med sin forgjengar. Fergie Frederiksen kom ikkje godt overeins med resten av bandet og før neste album skifta bandet vokalist. Den nye vokalisten Joseph Williams, son av filmmusikkomponisten John Williams, blei vald ut av dei som kom på audition. Med han som vokalist gav dei ut Fahrenheit i 1986. Albumet var noko rolegare enn tidlegare utgjevingar, men inneheldt hiten "I'll be over you".
mini|Steve Lukather Etter den påfølgjande turneen valde keyboardist Steve Porcaro å slutte, og bandet fortsette med ein keyboardist, David Paich. Den nye plata, The Seventh One, var meint å vere albumet der bandet skulle tilbake til dei same høgdane som på Toto IV. Sjølv om dei to singlane «Stop loving you» og «Pamela» blei kommersielle suksessar, oppnådde aldri albumet same status som Toto IV, mykje fordi promoteringspengar blei trekt tilbake då plateselskapet skifta leiing. Grunna narkotikamisbruk blei Joseph Williams sparka etter den følgjande turneen, då det blei eit problem at han ofte mista stemmen. Bandet ønska eigentleg å få tilbake Bobby Kimball som vokalist, men plateselskapet henta i staden Jean-Michel Byron til å synge på fire nye songar, som hadde blitt laga til samleplata deira Past to Present 1977-1990. Byron følgde bandet på ny turne, men bandet var ikkje nøgd med måten han opptredde på, og han blei også sparka frå bandet.
Ny trommeslagar mini|venstre|Simon Phillips I mangelen på ny vokalist overtok gitarist Steve Lukather som hovudvokalist på det nye albumet Kingdom of Desire. Rett før dette albumet blei utgitt i 1992 skjedde det ei tragisk ulukke, der trommeslagar Jeff Porcaro døydde. Bandet brøyt saman av tanken på ein turne utan Jeff Porcaro, men familien hans kom med eit ønske om at bandet skulle fortsette med ny trommeslagar. Dei spurte Simon Phillips, ein trommeslagar dei visste Jeff Porcaro likte, og han takka ja til tilbodet. Det blei lagt ut på ein turne til minne om Jeff Porcaro, og eit konsertalbum blei gitt ut frå denne turneen. Nye koristar song dei songane og delane som Steve Lukather ikkje kunne synge. Dette blei fortsett då bandet gav ut Tambu i 1995.
Bobby Kimball kjem tilbake Etter samlealbumet Toto XX (1997) tok bandet inn Bobby Kimball som vokalist igjen. Saman gav dei ut albumet Mindfields, eit album som inneheldt singlane «Melanie», «Cruel» og «Mad About You». Den påfølgjande turneen førte med seg konsertalbumet Livefields. I 2002 gav bandet ut albumet Through the Looking Glass, med coverversjonar av inspirasjonskjeldene deira. Dei blei kritisert for ikkje å skrive nye låtar sjølv, men albumet danna grunnlaget for 25-årsjubileet til bandet, noko dei markerte med turne, konsert-DVD og konsertalbum. Etter turneen slutta David Paich å turnere, og Greg Phillinganes tok over for han. David Paich er framleis medlem i bandet, då han er med bandet på innspeling og produksjon i studio. I 2006 kom det etter sju år nye låtar frå Toto, med studioalbumet Falling In Between. Albumet blei godt teke imot, både av fans og kritikarar, og inneheldt hitsingelen «Bottom of Your Soul». Grunna ei handskade måtte Mike Porcaro erstattast av Leland Sklar på den etterfølgjande turneen, og han var med det også bassist på Falling In Between Live, ei konsertplate frå turneen.
Den 9. juni 2008 blei det annonsert at bandet ikkje ville halde fram. Sommaren 2010 gjorde bandet likevel comeback med ein turne i Europa til ære for den tidlegare bassisten Mike Porcaro som er sjuk (ALS). På turneen spela dei ein konsert i Noreg, på Biri Travbane. Dei som var med på denne turnèen var mellom anna Steve Lukather, David Paich, Simon Phillips, Steve Porcaro, Joseph Williams og Nathan East. Oppvarmingsbandet på turnèen var Manfred Mann’s Earth Band.
Diskografi Studioalbum mini|Steve Lukather og Bobby Kimball 1978 - Toto 1979 - Hydra 1981 - Turn Back 1982 - Toto IV 1984 - Isolation 1986 - Fahrenheit 1988 - The Seventh One 1992 - Kingdom of Desire 1995 - Tambu 1999 - Mindfields 2002 - Through the Looking Glass (coveralbum) 2006 - Falling In Between 2015 - Toto XIV
Samlealbum, konsertalbum og filmlydspor 1984 Dune 1990 Past to Present 1977-1990 (samlealbum med fire nye songar) (Platinum) 1993 Absolutely Live]] 1996 Toto XX 1999 Livefields 2002 Greatest Hits...And More 2003 Live in Amsterdam 2007 Falling In Between Live
Singlar mini|Simon Philips mini|Steve Lukather mini|Bobby Kimball ÅrTittelUSAEnglandTysklandAlbum1978Hold the Line51423Toto1978I'll Supply the Love45--Toto1978Georgy Porgy48--Toto1979St. George and the Dragon---Hydra19799926--Hydra1979All Us Boys---Hydra1981Goodbye Elenore---Turn Back1982Rosanna21224Toto IV1982Make Believe30-70Toto IV1982Africa1314Toto IV1983I Won't Hold You Back1037-Toto IV1983Waiting for Your Love73--Toto IV1984Stranger in Town30--Isolation1984Angel Don't Cry---Isolation1985Holyanna71--Isolation1985How Does It Feel---Isolation1985Endless---Isolation1986I'll Be Over You11--Fahrenheit1986Without Your Love38--Fahrenheit1987Till The End---Fahrenheit1987Could This Be Love---Fahrenheit1988Pamela22--The Seventh One1988Stop Loving You---The Seventh One1988Straight for the Heart---The Seventh One1988Mushanga---The Seventh One1990Out of Love---Past to Present 1977-19901990Can You Hear What I'm Saying---Past to Present 1977-19901992Don't Chain My Heart---Kingdom of Desire1992Only You---Kingdom of Desire19922 Hearts---Kingdom of Desire1992The Other Side---Kingdom of Desire1995I Will Remember-6482Tambu1995If You Belong to Me---Tambu1995Just Can't Get to You---Tambu1996Drag Him to the Roof---Tambu1996The Other End of Time---Tambu1996The Turning Point---Tambu1998Goin' Home--99Toto XX1999Mad About You---Mindfields1999Melanie---Mindfields1999Cruel---Mindfields2002Could You Be Loved---Through the Looking Glass2002While My Guitar Gently Weeps---Through the Looking Glass2006House of the rising sun---Through the Looking Glass2006Bottom of Your Soul---Falling In Between
Bakgrunnsstoff
Toto - Den offisielle nettstaden
Kategori:USA-amerikanske rockegrupper Kategori:Toto Kategori:Utvalde artiklar 2010 Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Musikkgrupper skipa i 1976