Emma Louise Marie Muscat () er ein maltesisk songar og modell med base i Italia. Ho representerte Malta i Eurovision Song Contest 2022 med låten «I Am What I Am».

Bakgrunn Muscat vart fødd i San Ġiljan på Malta, og byrja med musikk allereie som barn. Etter grunnskolen byrja ho på studiar ved University of Maltas skule for utøvande kunst. Ho dreiv med song, dansing, piano og låtskriving, og som 17-åring slapp ho debutsingelen «Alone». Året etter, i 2017, slapp ho oppfølgjarsingelen «Without You».

I 2018 kom Muscat på fjerdeplass i den 17. utgåva av det italienske talentshowet Amici di Maria De Filippi, og vann samstundes ein platekontrakt med Warner Music. Seinare deltok ho i programmet Isle of MTV 2018 med stjerner som Jason Derulo, Hailee Steinfeld og Sigala, og deltok året etter med Martin Garrix, Bebe Rexha og Ava Max.

Muscat slapp sin fyrste EP, Moments, 6. juli 2018, og året etter slapp ho singelen «Avec moi», saman med songaren Biondo. Sidan følgde fleire nye singlar for den italienske marknaden, blant anna «Sangria» som selde til gull i Italia.

I februar 2022 deltok Muscat i den maltesiske songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2022 på TVM. Ho vann tevlinga med songen «Out of Sight» med 92 poeng og fekk dimed representere Malta i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Ho vann både jury- og telefonavrøystinga. Muscat kunngjorde 14. mars 2022 at ho ikkje skulle delta med vinnarsongen frå den maltesiske finalen, men i staden med sin nyaste singel, «I Am What I Am». Songen deltok i den andre semifinalen, men vart berre nummer 16 av 18 bidrag og kvalifiserte seg ikkje til finalen.

Diskografi Album 2018 – Moments Christmas Edition

EP-ar 2018 – Moments 2022 – I Am Emma

Singlar 2016 – «Alone» 2018 – «I Need Somebody» 2019 – «Avec moi» (med Biondo) 2019 – «Vicolo Cieco» 2020 – «Sangria» (med Astol) 2021 – «Meglio di sera» (med Álvaro de Luna og Astol) 2021 – «Più di te» 2022 – «Out of Sight» 2022 – «I Am What I Am» 2022 – «La stessa lingua» (med Blas Cantó) Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Emma Muscat» frå , den 4. november 2022.

Kategori:Maltesiske songarar Kategori:Maltesiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Maltesiske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar