Österbottens Tidning er ei svenskspråkleg lokalavis for Jakobstads- og Karlebyregionen i Finland. Ho kjem ut sju dagar i veka og har eit opplag på omtrent 15 700 eksemplar. Nyheitene blir òg publiserte på nettsida til avisa.
Österbottens Tidning vart danna i 2008 ved samanslåinga av Jakobstads Tidning i Jakobstad og Österbottningen i Karleby. Den nye avisa har hovudkontor i Jakobstad. Avisa er eigd av HSS Media Ab, som igjen er eigd av Harry Schaumans Stiftelse.HSS Media
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Österbottens Tidning» frå , den 6. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Österbottens Tidning på nettet Uppslagsverket Finland, Österbottens Tidning
Kategori:Skipingar i 2008 Kategori:Finske aviser Kategori:Svenskspråklege aviser