Frank Gray, fullt namn Francis Tierney Gray, () er ein skotsk tidlegare fotballspelar frå Glasgow. Han var i mange sesongar sideback i Leeds United og to år i Nottingham Forest. Med sistnemnde vann han europacupen i fotball 1980.

Karriere Klubbspel Gray fekk sin debut i Leeds-trøya i 1973. I sesongen 1973/74 deltok han i for få kampar til å vinne ligapokal då Leeds for andre gong gjekk til topps i ligaen. Derimot tok han plass på venstrebacken då Leeds møtte Bayern München i europacupfinalen 28. mai 1975, ein kamp som enda med Leeds-tap 0–2. I 1979, etter 193 ligakampar for Leeds United, vart han overført til Nottingham Forest. Her var han i 1980 med på å tape ligacupfinalen mot Wolverhampton, for så å vinne europacupfinalen mot Hamburger SV. Allereie i 1981 var Gary tilbake i Leeds-drakt. Etter den tid fylgde fire år med Leeds og så like lenge i Sunderland AFC, to klubbar som sleit i 2. og 3. divisjon. Gray la opp i 1992.

Landslagsspel Gray deltok i perioden frå april 1976 til juni 1983 i 32 av kampane til Skottlands landslag. Han fekk ikkje plass i troppen til VM i fotball 1978. Hans einaste landslagsmål kom på straffespark då Skottland vann 2–1 over Nederland den 23. mars 1982.

Merittar Vinnar av Europacupen: 1980 for Nottingham Forest Finalist i Europacupen: 1975 for Leeds United Finalist i cupvinnarcupen: 1973 for Leeds United Finalist i ligacupen: 1980 for Nottingham Forest

Kjelder

Frank Gray ved eu-football Denne artikkelen bygger på «Frank Gray (footballer)» frå , den 10. november 2022.

Kategori:Leeds-spelarar Kategori:Nottingham Forest-spelarar Kategori:Sunderland-spelarar Kategori:Skotske fotballspelarar Kategori:Folk frå Glasgow Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982