mini|Qikiqtaq er den store øya sørvest for Boothiahalvøya, og Chantrey Inlet ligg sør south of that, cutting south into the mainland. Chantreybukta (Chantrey Inlet, Tariunnuaq) er ei bukt ved kysten av Polhavet i Canada. Ho markerer eit søraustleg «hjørne» der den vanlegvis aust–vestgåande kystlinja svinger skarpt mot nord. Vest for bukta ligg Adelaidehalvøya, og i aust ligg fastlandet. Qikiqtaq (King William Island) gjev ly i nordvest. I vest skil Simpsonsundet Qikiqtaq frå Adelaidehalvøya. Ved munningen av bukta ligg Point Ogle i vest og Cape Britannia i aust.Glyn Williams, "Arctic Labyrinth", page 261 Vest for Point Ogle ligg Barrow Bay, Starvation Cove og Point Richardson. Back-elva renn inn frå sør. Nær munningen ligg det ein vêrstasjon ved Hayes-elva. Montrealøya, som er 160 km lang og 80 km vid, ligg i bukta.

Historisk heldt inuittgruppa utkuhiksalingmiut ('folk frå staden der det er kleberstein') til i Chantrey Inlet. Desse levde nomadisk i snøhus (igloar) om vinteren og i telt om sommar. Føda deira var hovudsaklege røye (kanadarøye og røye), sik og rein (karibu). I 1834 drog George Back langs Backelva til munningen og utforska Chantreybukta. I 1839 nådde Peter Warren Dease og Thomas Simpson bukta ved å segla langs kysten frå vest. I dag kan sportsfiskarar koma til Chantreybukta med chartra småfly.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chantrey Inlet» frå , den 13. november 2022.

Kategori:Bukter i Nunavut