Ceval Omar () er ein norsk-somalisk modell, influensar og aktivist. Ho er ei transkvinne som aktivt kjemper mot rasisme og transfobi. Ho vert sett på som ei viktig talskvinne for melaninrike transpersonar og LHBTIQ-personar. Sommaren 2020 vart ho den første trans-black-curvy-modellen avbilda i britiske Vogue. Ho jobba per 2022 for det skandinaviske modellfirmaet Heartbreak Management, men var også signert hos byrå i både New York, London og Paris.
Bakgrunn Ceval vaks opp i Oslo. Oppveksten hennar var røff og var korgje ein veldig positiv eller hyggeleg oppvekst, av di ho vart behandla dårleg for å vera annleis. Då ho vart eldre, laga ho seg sin eigen familie som bestod av vener frå Oslo og rundt om i verda. Ho sa: «Eg har måtte lære å akseptere meg sjølv via min 'chosen family'».
Karriere Omar er aktiv som modell og har omtrent 17 000 følgjarar på Instagram.https://www.instagram.com/ceval/
Ho signerte med skandinaviske Heartbreak Management og fleire andre modellbyrå i 2018 og har sidan då delteke på mellom anna Oslo Fashion Week og Copenhagen Fashion Week. I 2021 gjorde ho mellom anna kampanjar for merka YSL Beauty, H&M, Mugler og Off-White.
Ceval Omar er også ein aktivist og brenn for lhbtq-rettar, mangfald, antirasisme og kampen mot global oppvarming. Ho uttalte mellom anna dette til magasinet D2 i 2020:Eg brenn veldig for Black Lives Matter-rørsla, som jo også spreidde seg til Noreg i sommar. Det er eg glad for, for meg handler denne rørsla meir om rasisme enn om politivald – og rasisme eksisterer diverre over heile verda. Eg engasjerer meg sjølvsagd så mykje i dette fordi eg er svart sjølv, men diskriminering rammar ikkje berre svarte, men også mange andre minoritetar – både ut frå kjønn, seksuell legning og religionstilhøyrsle. Difor ville eg involvert meg like mykje i Black Lives Matter om eg hadde ei anna hudfarge.
Ho uttalte også til magasinet D2 i 2020 fleire sterke kvinner ho har som førebilete:
Eg har alltid vore inspirert og motivert av sterke kvinner. Desse kvinnene inspirerer meg ufatteleg mykje med styrken og motet sitt: Klimaforkjemparen Greta Thunberg, politikaren Alexandria Ocasio-Cortez, den tidlegare supermodellen Naomi Campbell, den avdøde poeten og aktivisten Maya Angelou, den avdød songaren og pianisten Nina Simone og tidlegare presidentfrue Michelle Obama.
Ho vart i desember 2021 kåra til «årets banebrytar» av motemagasinet KK.
På Costume Awards 2022 vart Ceval kåra til årets modell.
17. juni slapp artisten Nils Bech og Oslo-artisten OMVR låten «Ceval» som hyller transmodellen Ceval Omar. Bech sa til Avisa Oslo sommeren 2022 at han spesielt let seg inspirera av Ceval-sitatet: «Eg vil heller leve eitt år i ljoset enn 10.000 år i skuggen». Bech skreiv på Instagram at: «Vår nye song «Ceval» er som nåtidas Pride-tog: Full av trøkk og danseglede, men også med eit ibuande mørke.»
Under Trans Awareness Week 2022 la Instagram sin offisielle konto ut eit innlegg for å fremme Ceval Omar.
Kjelder
Kategori:Norske modellar Kategori:Somaliske modellar Kategori:Nordmenn av somalisk opphav