Stevo Pendarovski () er ein akademikar og sosialdemokratisk politikar frå Nord-Makedonia som 12. mai 2019 vart president i landet sitt.

Liv og virke Bakgrunn Pendarovski vart fødd i Skopje. Han har universitetsutdanning frå St. Kyrill og St. Method-universitetet i Skopje. Han studerte først ved juridisk fakultet og tok bachelorgraden i 1987.CV , University American College Skopje. I 2006 tok han mastergrad i statsvitskap ved same universitet. Han vart ph.d. i 2008 med ei avhandling om EU sin utanriks- og tryggingspolitikk sett i forhold til små statar.

Karriere Frå 1998 arbeidde han i innanriksdepartementet, før han frå 2001 til 2004 var tryggleikspolitisk rådgivar for presidenten. Etter ein periode som leiar for valkommisjonen i landet frå 2004 til 2005, var Pendarovski utanrikspolitisk rådgivar for presidenten frå 2005 til 2009. Etter avlagt ph.d.-grad, byrja han i 2008 å arbeida ved University American College i Skopje.

Pendarovski er aktiv i det sosialdemokratiske partiet SDSM. Han var koordinator for NATO-medlemskap under regjeringa til Zoran Zaev.«SDSM nominates Stevo Pendarovski for President again», Republika, 1. mars 2019. Lesen 5. mai 2019.

President I 2014 stilte han til presidentval, men tapte i andre valomgang for Gjorge Ivanov. Han stilte på nytt i presidentvalet i 2019, fekk 42,81 % av stemmene og kom òg denne gangen til andre valomgang. I andre valomgang kjempa han mot Gordana Siljanovska-Davkova støtta av VMRO-DPMNE. Pendarovski er tilhengar av avtalen med nabolandet Hellas som førte til at landet endra namn til Nord-Makedonia. Han såg på avtalen som ein føresetnad for at Nord-Makedonia kunne vera medlem i NATO. Kandidaturet hans vart støtta av det sosialdemokratiske partiet, det albanske Demokratisk union for integrasjon og 29 mindre parti. I andre valomgang fekk Pendarovski 51,66 % av stemmene, mot 44,73 % til Siljanovska-Davkova.

Pendarovski vart innsett som president 12. mai 2019, og tok dermed over presidentembetet etter Gjorge Ivanov.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stevo Pendarovski» frå , den 16. november 2022.

Kategori:Makedonske politikarar Kategori:Folk frå Skopje