Elsa Søllesvik (), kjend under artistnamnet Elsie Bay, er ein norsk songar og låtskrivar frå Kvinnherad. Familien flytta til Haugesund da ho var 13 år, og det var der musikkarrieren hennar byrja. Ho fekk sitt musikalske gjennombrot som 17-åring, som del av popduoen Elsa & Emilie. Ho har sidan spela på ei rekkje konsertar og festivalar, og i 2022 deltok ho i Melodi Grand Prix med låten «Death of Us», og var ein av låtskrivarane av «Hammer of Thor» som vart framført av .

Bakgrunn Søllesvik vaks opp i Sunde i Kvinnherad i Vestland, men flytta til Haugesund i Rogaland som 13-åring. Allereie som barn dreiv ho med musikk og song. Ho fekk det musikalske gjennombrotet sitt som 17-åring i 2014.

Karriere Elsa & Emilie (2010–2018) I Haugesund møtte Søllesvik Emilie Haaland Austrheim på kulturskulen i Haugesund. Kort tid etter, i 8. klasse, byrja venninnene duoen Elsa & Emilie. I januar 2014 fekk duoen platekontrakt med Sony Music, og same år kom debutalbumet Endless Optimism. Albumet skaffa duoen ein nominasjon til Spellemannprisen i klassen «Årets nykommer». Ein av singlane frå albumet, «Run», vart ein hit i 2017 då han vart brukt i tv-serien Skam.

I januar 2017 kom oppfølgjaralbumet til popduoen, Kill Your Darlings, med singlar som «Au volant» og «Chains of Promises». I løpet av denne perioden spela duoen på ei rekkje konsertar og festivalar, blant anna på Tysnesfest og By:Larm. Duoen vart også lista på NRK P3, VG-lista og opptredde på talkshowet Lindmo på NRK1. Ved årsskiftet 2017–18 vedtok duoen å ta ei pause, og i desember 2018 vart duoen oppløyst, og Søllesvik valde i staden å satse på ein solokarriere.

Elsie Bay (2018–) Frå 2018 og inn i 2020-åra etablerte Søllesvik seg i Oslo som låtskrivar for andre artistar. Blant anna har ho skrive for artisten Espen Fernando, og ho leverte låten «Witch Woods», som artisten Emmy deltok med i Melodi Grand Prix 2021.

Parallelt med låtskrivinga for andre byrja Søllesvik ein solokarriere under namnet Elsie Bay. Artistnamnet kjem av at «Elsie» var eit av namna foreldra hennar vurderte for henne før dei landa på «Elsa». Etternamnet «Bay» er det engelske ordet for «Vik», tilsvarande sisteleddet i etternamnet «Søllesvik». Ho har blant anna skrive og sunge «Heaven Made», som er ein av tittelsongane til den sørkoreanske tv-serien Show Window: The Queen's House. Serien hadde premiere i Sør-Korea hausten 2021.

I januar 2022 kunngjorde NRK at Elsie Bay var blant deltakarane i Melodi Grand Prix 2022. Elsie Bay var direktekvalifisert til finalen 19. februar der ho deltok med låten «Death of Us». Ho skreiv låten saman med Jonas Holteberg Jensen og Andreas Stone Johansson. Ho framførte låten under den fyrste delfinalen laurdag 15. januar 2022. I tillegg var ho ein av låtskrivarane bak «Hammer of Thor», som framførte i den tredje delfinalen. Elsie Bay enda på en tredje- eller fjerdeplass i finalen, og vart slegen ut før den avgjerande gullduellen.

Utdanning Søllesvik har ein bachelorgrad i statsvitenskap frå Universitetet i Oslo, i tillegg til ein bachelorgrad i rettsvitenskap og kriminologi frå Universitetet i Stavanger og Universitetet i Oslo.

Diskografi Singlar 2021 – «Heaven Made» 2022 – «Death of Us»

Som del av Elsa & Emilie Studioalbum 2014 – Endless Optimism 2017 – Kill Your Darlings

Singlar 2014 – «Endless Optimism» 2014 – «Run» 2016 – «Au volant» 2017 – «Chains of Promises» 2017 – «Ocean»

Prisar og nominasjonar ÅrPrisKategoriForResultat2015Spellemannprisen 2014Årets nykommerEndless Optimism (Elsa & Emilie) 2022Melodi Grand Prix 2022Finalist«Death of Us» (Elsie Bay)3./4. plass

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elsa Søllesvik» frå , den 18. november 2022.

Bakgrunnsstoff Elsie Bay på Spotify

Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske songarar Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Melodi Grand Prix 2021-låtskrivarar Kategori:Melodi Grand Prix 2022-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2022-låtskrivarar Kategori:Melodi Grand Prix 2023-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2023-låtskrivarar Kategori:Folk frå Kvinnherad Kategori:Folk frå Haugesund