Jan Christian Vestre () er ein norsk jurist og politikar for Arbeidarpartiet frå Haugesund. Han har vore helse- og omsorgsminister i Støre-regjeringa sidan 19. april 2024, før det var han næringsminister i same regjering frå og med 14. oktober 2021. Før han gjekk inn i regjering var han dagleg leiar i den norske møbelprodusenten Vestre AS.

Bakgrunn Vestre har enkeltemne i statsvitskap og master i rettsvitskap frå Universitetet i Oslo. I 2019 vart han utnemnd til beste norske vekstskapar i den internasjonale konkurransen «EY Entrepreneur Of The Year», og i 2020 vart han kåra til årets berekraftsleiar av E24.

Vestre overlevde skytinga på Utøya. Mellom 2013–2017 var han styreleiar for gjenreisninga av Utøya etter terroråtaka i Noreg 2011. Han var politisk rådgjevar for nærings- og handelsminister Trond Giske i regjeringa Stoltenberg II, politisk rådgjevar i Arbeidarpartiet si stortingsgruppe frå 2010 til 2012, sentralstyremedlem i AUF frå 2010 til 2012, leiar av Utdanningspolitisk forum i Oslo Arbeidarparti frå 2008 til 2015, leiar av Elevorganisasjonen frå 2006 til 2007 og medlem av det regjeringsoppnemnde utvalet for fag- og yrkesopplæring frå 2007 til 2008.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jan Christian Vestre» frå , den 22. november 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Haugesund Kategori:Politiske rådgjevarar frå Ap Kategori:Politiske rådgjevarar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Støre Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029