Hilda Cathy Heine () er ein marshallesisk pedagog og politikar var president på Marshalløyane 2016–2020 og å nyo frå og med 2024. Heine var den fyrste kvinnelege presidenten på Marshalløyane. Ho vart i 2020 etterfølgd i presidentembetet av David Kabua. Den 3. januar 2024 vart ho vald som president igjen.
Liv og virke Heine vaks opp på atollen Jaluit. Ho flytta til Majuro for videregåande skulegang.
Heine er universitetsutdanna i USA. Ho har lågaregradsutdanning frå University of Oregon og tok i 1975 mastergrad i pedagogikk ved University of Hawaii. I 2004 avla ho doktorgrad ved University of Southern California.«H.E. Dr. Hilda Heine», Pacific Women in Politics. Lest 6. januar 2018. Heine var den fyrste kvinna frå Marshalløyane som avla doktorgrad.«Hilda Heine elected Marshalls president», Radio New Zealand, 28. januar 2016. Lest 6. januar 2018.
Heine har arbeida som skulelærar og rådgjevar. Frå 1982 til 1986 var ho leiar for vidareutdanning ved Community College of Micronesia på Majuro, for så å verte administrativ leiar ved College of Micronesia Majuro Campus (1986–1990). Frå 1990 til 1992 var Heine president ved College of the Marshall Islands. Ho grunnla Women United Together Marshall Islands.
Heine var undervisingsminister frå 1992 til 1995. Etter perioden som minister flytta ho til Hawaii, der ho også arbeida med utdanning. Frå 2006 til 2011 var Heine programdirektør for Pacific Comprehensive Assistance Center ved Pacific Resources for Education and Learning (PREL) heime på Marshalløyene.
I 2015 vart Heine vald til parlamentet frå atollen Aur.«Biography of Her Excellency Hilda C. Heine, Ed.D President of the Republic of the Marshall Islands» , Embassy of The Republic of The Marshall Islands, Republic of China (Taiwan). Lest 6. januar 2018. Ho vart vald til president av Nitijela, det marshallesiske parlamentet, i januar 2016 etter at forgjengaren Casten Nemra tapte eit mistillitsvotum. Heine var einaste kandidat i valet. I januar 2020 tapte ho sjølv presidentvervet etter avrøysting i Nitijela. David Kabua vann presidentvalet.
Heine er æresdoktor ved College of the Marshall Islands.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hilda Heine» frå , den 24. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Marshallesiske politikarar Kategori:Marshallesiske presidentar Kategori:Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar