Kristin Maurstad ()Biografi på Stortingets nettsted; besøkt 7. februar 2022. er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet.

Maurstad var ordførar i Vågsøy kommune frå 2015 fram til kommunesamanslåinga i 2020.«Einigheit i Vågsøy», Sunnmørsposten 16. september 2015. Ho vart fyrste gong vald inn i kommunestyret i 2007.«Disse kom inn fra Vågsøy», Fjordenes Tidende 12. september 2007. Frå 2011 til 2015 var ho varaordførar.«Kabalen lagt i Vågsøy», Fjordenes Tidende 15. september 2011,

Maurstad var vararepresentant til Stortinget frå Sogn og Fjordane i tre periodar frå 2009 til 2021. Frå desember 2012 til april 2013 var ho konstituert som statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet.Informasjon fra Nærings- og handelsdepartementet; besøkt 17. april 2013.Informasjon fra Statsministerens kontor 26. april 2013.

Maurstad har utdanning frå Høgskulen i Volda. Ho har arbeidd som lærar og som prosjektleiar, blant anna i Måløy Vekst og i Fram Flora, Flora kommune sitt selskap for næringsutvikling.«Den har vore der heile livet», Fjordenes Tidende 24. januar 2011.«Datteren til faren. Likheten er der. Når hun åpner munnen skjønner vi det», Sunnmørsposten 15. desember 2012. I 2013 vart ho leiar i utviklingsselskapet Innovatitt.«Skal fronte måløy-miljøene», Fjordenes Tidende 13. mai 2013. Då Vågsøy og Flora gjekk saman til Kinn kommune i 2020, fekk ho stillinga som kommunalsjef for innovasjon og utvikling.«Her er dei som skal leie Kinn i det daglege», Firdaposten 6. januar 2020.

Maurstad er dotter av Jon Aasen, som har vore ordførar i Vanylven og fylkesordførar i Møre og Romsdal.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kristin Maurstad» frå , den 25. november 2022.

Bakgrunnsstoff Kristin Maurstad på nettsida til Stortinget.

Kategori:Norske politikarar Kategori:Ap-politikarar i Sogn og Fjordane Kategori:Ordførarar i Vågsøy Kategori:Folk frå Vanylven