«SloMo» (forkorting av det engelske uttrykket slow motion, 'sakte film') er ein spansk latinopoplåt, og han er debutsingelen til den spansk-cubanske artisten Chanel. Songen er skriven av Leroy Sanchez, Keith Harris, Ibere Fortes, Maggie Szabo og Arjen Thonen. Songen var det spanske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino, der han enda på tredjeplass – den beste plasseringa til Spania på 27 år.
Bakgrunn Den spanske kringkastaren TVE kunngjorde 10. desember 2021 at Chanel og «SloMo» var blant deltakarane i songtevlinga Benidorm Fest. Tevlinga er den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest.
«SloMo» vart gjeven ut digitalt 24. desember same år og deltok deretter i den fyrste semifinalen av Benidorm Fest 26. januar 2022. I semifinalen fekk Chanel høgaste poengsum frå juryen og telefonavrøystinga. Under finalen laurdag 29. januar vann «SloMo» Benidorm Fest og vart dimed det spanske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino.
Som eit av dei fem store landa i Eurovision Song Contest, var Spania direktekvalifisert til finalen laurdag 14. mai 2022. I finalen vart «SloMo» nummer tre i både jury- og telefonavrøystinga og enda samanlagd på ein tredjeplass. Dette var den beste plasseringa til Spania i Eurovision Song Contest sidan 1995, då Anabel Conde kom på andreplass bak norske Secret Garden og «Nocturne».
Listeplasseringar Liste (2022)HøgasteplasseringGlobal 200 (Billboard)151 Hellas (IFPI Greece)3 Irland (IRMA)44 Island (Tónlistinn)11 Kroatia (Billboard)24 Litauen (AGATA)8 Nederland (Single Top 100)72 Portugal (AFP)88 Spania (PROMUSICAE)1 Storbritannia (UK Singles)56 Sveits (Schweizer Hitparade)65 Sverige (Sverigetopplistan)32 Tyskland (Nedlastning – Deutsche offizielle Charts)32
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «SloMo» frå , den 2. desember 2022.
Kategori:Songar frå 2021 Kategori:Spanske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Spanskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar