Nadia Elena Comăneci () er ein tidlegare turnar frå Onești som representerte Romania. Ho vann mangekampen under Sommar-OL 1976 og i europameisterskapen 1975, 1977 og 1979.

Kariere Comăneci var ein enorm sensasjon då ho i 1975 i Skien, 13 år og 5 månader gammal, vart eurpameister i mangekamp og sikra seg tre av dei fire gullmedaljane i appratøvingane: bom, hopp og skranke. Under sommarleikane 1976 i Montreal vann ho både mangekampen, i tillegg til bom- og skranke-øvingane. Her vart ho den fyrste turnaren som vart tildelt toppkarakteren 10 i olympiske leikar.

Comăneci forsvarte EM-tittelen i mangekamp i 1977 og 1979. I EM 1977 fekk ho også gullmedalje i skranke, medan ho i EM 1979 tok gull i frittståande og hopp. Ved Turn-VM 1978 vann ho gullmedaljar i bom og med det rumenske mannskapet i lagtevlinga. Under Sommar-OL 1980 i Moskva kom ho på andreplass i mangekampen, før ho så gjekk til topps i bom og frittståande.

I alt sanka Comăneci 9 OL-medaljar, 16 VM og EM-medaljar i tida frå 1975 til 1981.

Under uroa i Romania hausten 1989 rømde ho utanlands. Ho reiste til USA og er sidan 2001 USA-amerikansk statsborgar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nadia Comăneci» frå , den 6. desember 2022.

Kategori:Rumenske turnarar Kategori:Olympiske meistrar for Romania Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Romania Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Romania Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1980