Frații Advahov (norsk omsetjing 'Advahov-brørne') er eit moldovsk folkemusikkband]] med base i Chișinău. Gruppa vart skipa i 2005 og består av brørne Vasile og Vitalie Advahov. Saman med rockegruppa Zdob și Zdub, representerte dei Moldova i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia med songen «Trenulețul».
Bakgrunn Vitalie og Vasile Advahov vart fødde i Cahul i Moldova, høvesvis 18. januar 1978 og 26. april 1979. Foreldra Vasile og Agafia Advahov kom opphavleg frå Gotești og Cîrpești, og underviste ved pedagogikkskulen i Cahul. På vidaregåande skule var brørne med i ei orkestergruppe kalla Mugurașii.
I 2005 skipa brørne bandet Frații Advahov. Gruppa var i utgangspunktet meint å vere eit lite band, men auka i popularitet, og fleire moldovske og rumenske musikarar slutta seg til og bandet vart til eit orkester. I 2020 var 45 instrumentalister tilknyttet Frații Advahov.
I januar 2022 vedtok den moldovske ålmennkringkastaren Teleradio-Moldova at Frații Advahov skulle representere Moldova i Eurovision Song Contest 2022 saman med Zdob și Zdub og låten «Trenulețul». I Eurovision Song Contest enda dei på en sjuandeplass.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Frații Advahov» frå , den 7. desember 2022.
Kategori:Moldovske musikkgrupper Kategori:Moldovske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Moldovske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar