Stefan Airapetjan (armensk: Ստեֆան Հայրապետյան, fødd 24. desember 1997 i Viljandi i Estland) er ein estisk songar med armensk avstamming. Han er kjend under scenenamet Stefan og representerte Estland i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Hope».

Bakgrunn Airapetjan vart fødd i Viljandi av armenske foreldre. Han har sunge sidan barndommen, teke songtimar og vunne ei rekkje lokale songtevlingar. I 2010 nådde han finalen i Laulukarussell, ei songtevling for barn, i regi av Eesti Televisioon.

Airapetjan har delteke i Eesti Laul, den estiske uttakinga til Eurovision Song Contest, fire gongar. Hans fyrste deltaking var i 2018, som del av duoen Vaje og songen «Laura (Walk with Me)». Dei enda på tredjeplass. Hans fyrste solodeltaking var i 2019 med songen «Without You», som også enda på tredjeplass. Han deltok igjen i 2020 med songen «By My Side», som endte på sjuandeplass i finalen.

Airapetjan vann Eesti Laul på fjerde forsøk i 2022 med songen «Hope». Gjennom sigeren fekk han representere Estland i Eurovision Song Contest 2022. I Eurovision Song Contest i Torino deltok han i den andre semifinalen torsdag 12. mai. Der enda han på ein femteplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai. I finalen var Airapetjan og songen «Hope» det siste bidraget på scena og enda til slutt på ein 13. plass av 25 bidrag.

Diskografi Singlar + TittelÅr Høgaste listeplasseringAlbum ESTPeak chart positions for singles in Estonia: "Hope": "Miraaž": LIT NEDTip SVE«Without You» 2018 — — — — rowspan="10" «Better Days»2019 — — — —«We'll Be Fine» — — — —«Better Days» — — — —«By My Side» — — — —«Oh My God»2020 — — — —«Let Me Know» — — — —«Doomino» (med Liis Lemsalu)2021 — — — —«Hope» 1 28 20 87«Miraaž» 2022 2 — — — "—" markerer at songen ikkje nådde lista.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stefan Airapetjan» frå , den 10. desember 2022.

Kategori:Estiske songarar Kategori:Estiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Estiske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar Kategori:Folk frå Viljandi