Citi Zēni er eit latvisk poprap-band som vart skipa i 2020. Gruppa har seks medlemmar, og dei slapp debutalbumet sitt i 2021. Året etter vann Citi Zēni songtevlinga Supernova på LTV med låten «Eat Your Salad». Som følgje av sigeren fekk dei representere Latvia i Eurovision Song Contest 2022.
Bakgrunn Citi Zēni vart skipa i mars 2020 under ein låtskrivarleir i Riga. Året etter, i 2021, gav bandet ut debutalbumet Suņi iziet ielās. Namnet på bandet kan omsetjast til 'andre guttar', og bandet beskriv seg sjølv som eit «sekspersoners musikknummer frå Aust-Europa, som kjøpslår innan alternativ einhyrningspop».
I 2022 var Citi Zēni blant deltakarane i Supernova, den latviske uttakinga til Eurovision Song Contest. Der deltok dei med songen «Eat Your Salad». Bandet gjekk vidare frå semifinalane og kvalifiserte seg til finalen 12. februar, der dei vann. Som følgje av sigeren fekk Citi Zēni representere Latvia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Dei deltok i den fyrste semifinale, men kvalifiserte seg ikkje til finalen etter å ha vorte nummer 14 i semifinalen.
Diskografi Album 2021 – Suņi iziet ielās
Singlar 2020 – «Vienmēr kavēju» 2020 – «Parādi kas tas ir» 2021 – «Suņi iziet ielās» 2021 – «Skaistās kājas» 2021 – «Limuzīns uz Krīta» 2022 – «Eat Your Salad» 2022 – «Lieka štuka»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Citi Zēni» frå , den 14. desember 2022.
Kategori:Latviske songarar Kategori:Latviske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar