Norsk Sykepleierforbund (NSF) er ein norsk fagorganisasjon for autoriserte sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, jordmødrer, helsesjukepleiarar og sjukepleiestudentar. Organisasjonen vart stifta 24. september 1912 av Bergljot Larsson. Forbundet er fjerde største fagforbundet i Noreg, med 120 000 medlemar, og er det nest største forbundet i Unio.
NSF arbeider for medlemane sine interesser og rettar knytt til mellom anna løn, arbeidstid, tilsetting og pensjon. Det vert i tillegg arbeidd for å sette sjukepleiefaget, sjukepleieutdaninga og sjukepleiarane sin funksjon på dagsordenen.
Norsk Sykepleierforbund held landsmøte kvart fjerde år. Der vert det vald politisk leiing samansett av forbundsleiar, nestleiar og 2. nestleiar. For 2019-2023 er Lill Sverresdatter Larsen leiar.
Leiarar i NSF 1973–1977: Eli Kristiansen 1987–1992: Anne Karin Brokhaug 1992–1998: Laila Dåvøy 1998–2007: Bente Slaatten 2007–2011: Lisbeth Normann 2011–2019: Eli Gunhild By 2019– : Lill Sverresdatter Larsen
Frå 1. mars 2022 er Rune Hallingstad generalsekretær i Norsk Sykepleierforbund. Han tok over etter Olaug Flø Brekke, som hadde vore generalsekretær sidan sommaren 2012.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Norsk Sykepleierforbund» frå , den 15. desember 2022.
Kategori:Unio Kategori:Skipingar i 1912 Kategori:Norske fagforeiningar