Patrick Stewart () er ein britisk Golden Globe- og Emmy-nominert skodespelar. Stewart er kjend for roller i Shakespeare-stykke, rolla som kaptein Jean-Luc Picard i Star Trek: The Next Generation og rolla som professor X i X-Men. Han har òg fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Bakgrunn

Tidleg liv og familie Patrick Stewart blei fødd i Mirfield i West Yorkshire i England som son av Gladys Barrowclough, ein vever og tekstilarbeidar, og Alfred Stewart, ein sersjant i den britiske hæren som tenestegjorde ved King's Own Yorkshire Light Infantry og arbeidde som postmann. Han gjekk på Crowlees C of E Junior and Infants School,"Heartfelt hello from an old pal... Hollywood star Patrick calls after message", Jenny Parkin, The Huddersfield Daily Examiner, 19 December 2003 og 12 år gammal byrja han i 1951 på Mirfield Secondary Modern School,Revealed in interview on the 'Parkinson' show, ITV-1, 12 May 2007 der han fortsette med å studera drama. Rundt denne tida møtte han skodespelaren Brian Blessed ved eit dramakurs i Mytholmroyd, og dei blei venar.

Då han var 15 år gammal slutta Stewart på skulen og auka deltakinga si ved lokale teater. Han fekk ein jobb som reporter i ei avis, men eitt år seinare bad arbeidsgjevaren han om å velja mellom skodespel og journalistikk. Han valde skodespel og sa opp jobben.

I 1957, 17 år gammal, byrja Stewart på eit to år langt kurs ved Bristol Old Vic Theatre School. Han mista mesteparten av håret då han var 19, men fekk fleire roller i teaterstykke etter å ha vore på auditon både med og utan parykk der han omtalte seg sjølv som «to skodespelarar til prisen for ein!»

Skodespelarkarriere

Tidleg karriere Etter ein periode ved Manchester Library Theatre, gjekk Patrick Stewart vidare og blei med i Royal Shakespeare Company (RSC) i 1966, der han spelte saman med skodespelarar som Ben Kingsley og Ian Richardson. Han debuterte på Broadway som Snout i Peter Brook si legendariske oppsetting av A Midsummer Night's Dream, før han byrja ved Royal National Theatre tidleg på 1980-talet.

I løpet av fleire år fekk Stewart roller i fleire større fjernsynsseriar, utan at han eigentleg blei eit kjent namn. Han spelte rolla som Lenin i Fall of Eagles; Sejanus i I, Claudius; Karla i Tinker, Tailor, Soldier, Spy og Smiley's People og Claudius i ei BBC-innspeling av Hamlet. Han fekk til og med hovudrolla i BBC si oppsetting av Mrs Gaskell sitt verk North and South.

Patrick Stewart hadde òg nokre mindre filmroller, som King Leondegrance i John Boorman sin film Excalibur (1981), som Gurney Halleck i David Lynch sin film Dune frå 1984 og som Dr. Armstrong i Tobe Hooper sin film Lifeforce.

Star Trek: The Next Generation I 1987, etter å ha deltatt på eit Shakespeare Seminar ved University of California i Santa Barbara, drog Patrick Stewart til Los Angeles for å spela rolla som Captain Jean-Luc Picard i science fiction-serien Star Trek: The Next Generation. Han var likevel så sikker på at han kom til å få sparken i løpet av den første sesongen i serien, at han ikkje pakka ut bagasjen sin dei første seks vekene av filminga.Internet Movie Database - Bio om Patrick Stewart Serien viste seg å bli ein enorm suksess, med 18 ulike Emmy-prisar og 40 nominasjonar. Serien gjekk vidare i sju sesongar, med Stewart i hovudrolla.

Frå 1994 spelte Stewart òg Picard i fleire filmar basert på serien: Star Trek Generations (1994), Star Trek: First Contact (1996), Star Trek: Insurrection (1998), og Star Trek Nemesis (2002). Han spelte òg Picard i pilotepisoden Star Trek: Deep Space Nines. Stewart har sagt at livet hans blei endra drastisk av Star Trek, og han er blitt sitert:

It was almost entirely a blessing. It introduced me to a world I never expected to be a part of — celebrity, fame, financial success. It also gave me the chance to work with the finest group of people I've ever known.

Seinare roller mini|Patrick Stewart vinn ein pris ved Jules Verne Adventures Film Festival i 2007. Patrick Stewart har spelt fleire andre roller, frå den homofile Sterling i filmen Jeffrey til kong Henrik II av England i filmen The Lion in Winter og Captain Ahab i filmen Moby Dick (som han blei nominert til ein emmypris for). Seint i 2003 dukka Stewart opp i komiserien Frasier som ein homofil mann som feilaktig trudde at Frasier Crane var ein potensiell elskar.

Stewart har òg spelt i trilogien X-Men, X2 og X-Men: The Last Stand som Professor X Charles Xavier. Filmane hadde enorm suksess.

I 2005 fekk Patrick Stewart rolla som professor Ian Hood i ein ITV-thriller på fire episodar, Eleventh Hour, skapt av Stephen Gallagher. / Den fyrste episoden blei send 19. januar 2006. I 2005 spelte han Captain Nemo i ein todelt fjernsynsserie av The Mysterious Island. Stewart har òg vore med i Ricky Gervais sin fjernsynsserie Extras, der han erstatta Jude Law like før produksjonen byrja. For å spela seg sjølv blei han òg nominert til ein emmypris i 2006 for Guest Actor in a Comedy Series.Emmy

Stewart er blitt utnemd til Chancellor of the University of Huddersfield. Han blei utnemnd til offiser av Order of the British Empire (OBE) i nyttårslista 2001. I nyttårslista for 2010 blei han utnemnd til Knight Bachelor og med det opphøgd i riddarstanden og adla. Han har etter dette rett til å bruka tiltaleforma sir før namnet sitt.New Years Honours List 2010 , Directgov, 31. desember 2009.

I oktober/november 2006 akompagnierte Stewart the Royal Shakespeare Company då dei sette opp stykka The Tempest, Antony and Cleopatra og Julius Caesar ved University of Michigan. Han spelte sjølv rolla som Antony igjen, denne gongen mot Harriet Walter som Cleopatra i ei kritikarrost oppsetting av Antony and Cleopatra ved Novello Theatre i London i 2007.

Patrick Stewart blei utnemnd til Cameron Mackintosh Visiting Professor of Contemporary Theatre basert ved St Catherine's College ved University of Oxford i januar 2007.

Stemmeroller Patrick Stewart har gjeve stemme til fleire prosjekt. Han har mellom anna spelt inn Peter and the Wolf av Prokofjev, Dei fire årstidene av Vivaldi, The Last Battle av C.S. Lewis (avslutninga på serien The Chronicles of Narnia), Return to the Centre of the Earth av Rick Wakeman og vore forteljar i The Nightmare Before Christmas. Han har også bidrege til ei rekkje fjernsynsprogram, som High Spirits with Shirley Ghostman. Stewart sørgde òg for stemma til Nine Worlds, ei astronomisk reisa gjennom solsystemet. Ein kan òg høyra han som stemma til den magiske spegelen i Disneyland sitt liveshow Snow White – An Enchanting Musical.

Stewart har også vore stemmeskodespelar i fleire animerte filmar, som The Prince of Egypt, Jimmy Neutron: Boy Genius, Chicken Little, The Pagemaster, og på dei engelske dubba versjonane av dei japanske animefilmane Nausicaä of the Valley of the Wind av Hayao Miyazaki og Steamboy. Han hadde òg stemma til grisen Napoleon i ei filmatisering av George Orwell si bok Animal Farm, og hadde ei gjesterolle i Simpsons-episoden «Homer the Great» som karakteren Number One. Meir nyleg har han spelt rolla som CIA-leiaren Avery Bullock (både stemme og likskap blir brukt til denne rollefiguren) i den animerte fjernssynserien American Dad, og har dessutan vore med på Family Guy fleire gonger (både som Captain Picard og som erstatning for stemma til Peter Griffin). I 2006 gav Stewart stemme til Bambi sin far, The Great Prince of the Forest, i Disney sin videofilm Bambi II.

Patrick Stewart har òg vore stemmeskodespelar i fleire videospel frå Activision, som Star Trek: Armada, Armada II, Bridge Commander og Elite Force II, i alle saman i rolla som Captain Picard. Stewart tok oppatt rolla i spela Star Trek: Legacy for PC and Xbox 360, saman med fire andre Starfleet-kapteiner frå ulike Star Trek-seriar.

I tillegg til å gje stemme til rollefiguren sin frå Star Trek og X-Men i fleire videospel, har Stewart òg gitt stemme til andre typar videospel, som Lands of Lore, Forgotten Realms: Demon Stone og The Elder Scrolls IV: Oblivion, som gjorde at han i 2006 vann ein Spike TV Video Game Award for rolla si som keisar. Han har òg gjeve stemma til fleire utgåver av Compton's Interactive Encyclopedia.

Prisar og nominasjonar

Emmy

2006 – Nominert – Outstanding Guest Actor in a Comedy Series – Extras 2004 – Nominert – Outstanding Made for Television Movie – The Lion in Winter (delt med fleire) 1998 – Nominert – Outstanding Lead Actor in a Miniseries or a Movie – Moby Dick

Golden Globe

2005 – Nominert – Best Performance by an Actor in a Mini-Series or a Motion Picture Made for Television – The Lion in Winter 1999 – Nominert – Best Performance by an Actor in a Mini-Series or Motion Picture Made for TV – Moby Dick

Andre prisar Saturn Award (Academy of Science Fiction, Fantasy & Horror Films, USA)

2001 – Nominert – Best Supporting Actor – X-Men 2000 – Nominert – Best Genre TV Actor – A Christmas Carol 2001 – Nominert – Best Actor – Star Trek: First Contact

Filmar i utval

Film og fjernsyn

2020 – Star Trek: Picard, web-TV-serie 2007 – American Dad!, tegneserie for fjernsyn 2006 – X-Men: The Last Stand, film 2003 – X-Men 2, film 2002 – Star Trek: Nemesis, film 2000 – X-Men, film 1998 – Star Trek: Insurrection, film 1996 – Star Trek: First Contact, film 1994 – Star Trek: Generations, film 1987–1994 – Star Trek: The Next Generation, fjernynsserie med 176 episodar 1993 – Star Trek: Deep Space Nine, fjernsynsserie med éin episode 1991 – L.A. Story, film 1986 – Lady Jane, film 1984 – Dune, film 1981 – Excalibur, film 1980 – Little Lord Fauntleroy, film

Videospel

2010 – Castlevania Lords of Sadow 2006 – Star Trek: Legacy 2006 – X-Men: The Official Game 2006 – The Elder Scrolls IV: Oblivion 2004 – X-Men Legends 2003 – Star Trek: Elite Force II 2003 – X2 – Wolverine's Revenge 2002 – Star Trek: Starfleet Command III 1999 – Star Trek: Hidden Evil 1999 – Star Trek: Armada 1997 – Star Trek: Generations 1995 – Star Trek: The Next Generation – A Final Unity 1994 – Lands of Lore: The Throne of Chaos

Utvalde teaterframsyningar

1971: The Royal Shakespeare Company, Stewart spilte Tom Snout i Peter Brook si oppsetting av A Midsummer Night's Dream plassert i et sirkus, med ei besetning som inkluderte Ben Kingsley og Alan Howard. Produksjonen drog seinare på verdsturne, og Brook vann mellom anna ein Tony-pris. 1995: Stewart spelte Prospero i The Tempest ved New York Shakespeare Festival, der produksjonen seinare flytta til Broadway. 1997: The Shakespeare Theatre Company (Washington, DC), Stewart spelte i ein «fotonegativ» produksjon av Othello der alle andre i besetninga var farga skodespelarar. 2006: Spelte igjen Prospero i The Tempest ved Royal Shakespeare Theatre, så ved Novello Theatre, og som Mark Antony i Antony and Cleopatra ved Swan Theatre, for Royal Shakespeare Company som del av ein syklus der ein spelte alle stykka til Shakespeares gjennom eit år. 2007: Han spelte ved Chichester Festival Theatre under Sommerfestivalen 2007, og hadde hovudrolla i Rupert Goold si kritikarroste oppsetting av Macbeth i Minerva studio theatre, og seinare som Malvolio med skotsk aksent og kilt i Philip Frank si oppsetjing av Twelfth Night. Framstillinga hans av Macbeth gav Stewart prisen for beste skodespelar i Evening Standard Theatre Awards 2007. Goold fekk også prisen for beste regi for produksjonen.

Privatliv