Anna Stepanovna Politkovskaja, russisk Анна Степановна Политковская () var ein russisk journalist og forfattar som var kjend som kritikar av Putin-styret.
Politkovskaja var fødd i New York i 1958, der dei ukrainske foreldra hennar var diplomatar i SN. Ho studerte journalistikk ved Universitetet i Moskva og tok eksamen i 1980 og så byrja ho å arbeide for avisa Izvestija. Frå juni 1999 skreiv ho ei eiga spalte for nettstaden Novaja Gazeta. Ho skreiv fleire prisa bøker om Tsjetsjenia og Putin sitt styre i Russland, den nyaste er Putins Russland som kom ut i Noreg i 2005.
Politkovskaja vart funnen ihelskoten i Moskva laurdag 7. oktober 2006 i heisen i bustadblokka ho budde i.
Bøker på norsk 2001 - En reise i helvete. Rapport fra krigen i Tsjetsjenia Pax forlag ISBN 82-530-2306-5 2005 - Putins Russland Cappelen ISBN 82-02-24543-5 2007 - Mitt russiske testament Cappelen ISBN 82-02-27082-0
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Anna Politkovskaya» henta frå Wikipedia på engelsk 7. oktober 2006.
Bakgrunnsstoff Melding om drapet på Politkovskaja frå Interfax Novaya Gazeta (på russisk) Artiklar av Politovskaja på HRO-nettsida (på russisk) Kort biografi frå då ho fekk Lettre Ulysses prisen i 2003
Kategori:Russiske journalistar Kategori:Myrda journalistar Kategori:Folk frå New York