Mismi er ein 5597 meter høg fjelltopp av vulkansk opphav i Chila-fjellkjeda i Andesfjella i Peru. I 1996 kom det framlegg om ein isbre på Mismi som den fjernaste kjelda til Amazonaselva; dette vart stadfesta i 2001 og igjen i 2007. Men påstanden har seinare vorte utfordra med tre andre stader i Peru som mogleg fjernaste kjelde til Amazonas, avhengig av definisjonen av «kjelde». Vatn frå Mismi renn inn i mindre elver som renn ut i Apurímac-elva. Apurímac er ei sideelv til Ucayali som seinare sluttar seg til Marañón sørvest for byen Iquitos for å danne sjølve Amazonas.
Mismi ligg omtrent 160 km vest for Titicaca-sjøen og 700 km søraust for den peruanske hovudstaden, Lima, i Arequipa-regionen. Det er eit av dei høgaste punkta ved Colca-dalen. Det er fleire isbrear på toppen.
Ein ekspedisjon finansiert av National Geographic Society i 2001 oppdaga at Qarwasanta-elva som renn inn i Apurímac-elva har opphavet sitt i dei nordlege skråningane av fjellet. Brasilianske forskarar stadfesta i 2007 at fødevatnet til Apurímac-elva er ei kjelde til Amazonas-elva og peika på Mismi som den mest sannsynlege fjernaste kjelda til Amazonas, noko som gjer Amazonas til eit lengre vassdrag enn Nilen.
Kjelder Referansar
Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Mismi» frå , den 26. desember 2022
Bakgrunnsstoff
Kategori:Arequipa-regionen Kategori:Fjell i Peru