Veståskapellet eller Veståsen fjellkyrkje er ei kyrkje i kvadratisk form frå 1968 i Sør-Aurdal kommune i Innlandet fylke. Kyrkja ligg på Skrikkarvollen, ein gammal setervoll ved overgangen mellom Bagn og Herad i Hallingdal.

Byggherre var ein komité med medlemmar frå Bagn og Reinli og midlane som gjorde bygginga mogleg, kom frå innsamlingar. Tomt til kyrkja vart gjeven av Aslaug og Svein Bratterud. Arkitekt var Harald Hille, og Edvard Bergli var byggmeister.

Kyrkjebygget, som er bygd i tre og halde i ein seterstil, var ferdig og vart innvigd 11. august 1968. Bygget har plass til 80 personar. Det er eigd av kyrkjelydane i Bagn og Reinli.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Veståskapellet» frå , den 31. desember 2022.

Veståsen fjellkirke i Norges Kirker

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Sør-Aurdal Kategori:Kyrkjer i Valdres prosti Kategori:Kulturminne i Sør-Aurdal Kategori:Norske kyrkjer fra 1968