Den nasjonale eininga retta mot organisert og annan alvorleg kriminalitet (Kripos) er ein nasjonal politietat under Politidirektoratet.

Oppgåver Kripos har som oppgåve å vera: eit nasjonalt kompetansesenter for norsk politi, ansvarleg for å behandla sentrale register i politiet, eit nasjonalt kriminalteknisk laboratorium, eit kontaktpunkt for internasjonalt politisamarbeid (gjennom Europol og Interpol), ein aktør for førebygging og samfunnstryggleik.

Historie Kriminalpolitisentralen vart oppretta i 1959 då kriminallaboratoriet, identifiseringssentralen, kriminalregisteret og Polititidende vart skilt ut frå Oslo politikammer. I 1960 tok Kripos òg over ansvaret for det norske Interpolkontoret.

Utvikling Tidlegare var Kripos eit reint bistandsorgan for norsk politi. E-avdelinga (etterforskingsavdelinga), òg kalla «Mordkommisjonen», vart oppretta i 1967. Den 1. januar 2005 vart Kriminalpolitisentralen erstatta av eit nytt organ – Den nasjonale eininga retta mot organisert og annan alvorleg kriminalitet – som vart tilført politiet sitt datakrimsenter (tidlegare underlagt Økokrim) og det særskilte etterforskingsprosjektet «Catch» (tidlegare underlagt Politidirektoratet). I tillegg til dette fekk eininga ein eigen påtalekompetanse som gjorde det mogeleg for etaten å opna etterforsking av saker sjølv. I 2015 vart det oppretta ein seksjon i Kripos for tidlegare uoppklara drapssaker, ein såkalla «cold case»-seksjon.

Namn Namnet «Kripos» var opphavleg eit akronym henta frå ordet Kriminalpolitisentralen. Ved nedlegginga av Kriminalpolitisentralen den 1. januar 2005, vart forkortinga for Kriminalpolitisentralen – Kripos – vidareført, men vart tilført Nye foran namnet, slik at eininga i daglegtale vart kalla «Nye Kripos». Den 20. januar 2006 vart forkortinga Nye Kripos endra tilbake til Kripos – slik at det noverande formelle namnet til etaten vart «Den nasjonale eininga retta mot organisert og annan alvorleg kriminalitet (Kripos)».

Tilsette Kripos har per i dag 700 tilsette. Om lag halvparten av desse har ei politiutdanning, medan dei resterande er kjemikarar (analytisk kjemi, uorganisk kjemi, organisk kjemi), laborantar, psykologar, fotografar, omsetjarar, IT-spesialistar eller skriftgranskarar.

Leiarar for Kripos 1959–1976 : Arne Kleveland (politiinspektør) 1976–1993 : Bjørn Heggelund (politiinspektør) 1993–2005 : Arne Huuse (politimeister) 2005–2009 : Odd Olsen Ingerø 2009–2012 : Odd Reidar Humlegård 2013–2020 : Ketil Haukaas 2020– : Kristin Ottesen Kvigne

Sjå òg Det nasjonale statsadvokatembetet

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kripos» frå , den 2. januar 2023.

Kategori:Skipingar i 1959 Kategori:Norsk politi