høgre|mini|Toni Morrison i 2008 mini|Walter Mosley i 2007 Afroamerikansk litteratur er litteratur skapt i USA av forfattarar av afroamerikansk bakgrunn. Tradisjonen, ikkje ein sjanger, sporar opphavet sitt tilbake til litterære verk frå seint 1700-tal med Phillis Wheatley og Olaudah Equiano. Han nådde tidlege høgdepunkt med slaveforteljingar og den såkalla Harlemrenessansen, og har fortsett med prisløna forfattarar som Toni Morrison, nobelprisvinnar i litteratur, Walter Mosley, Alice Walker og Colson Whitehead. Blant tema og emne som blir tekne opp i den afroamerikanske tradisjonen er afroamerikansk historie, kultur, rasisme, slaveri og like rettar. Afroamerikansk forfattarskap har tendert til å ta i bruk munnlege former som spirituals, kristne preiker, gospelmusikk, blues og rap.

I lag med at plassen til afroamerikanarar i det amerikanske samfunnet har endra seg i løpet av hundreåra, har òg fokuset til afroamerikansk litteratur endra seg. Før den amerikanske borgarkrigen var litteraturen hovudsakleg fokusert på plagene og urettvisa knytte til slaveriet, som indikert ved sjangeren slaveforteljingar. Ved hundreårsskiftet til 1900-talet har bøker av forfattarar som W.E.B. Dubois og Booker T. Washington diskutert i kva grad rasisme og rasistiske haldningar skal konfronterast eller forsonast med. Under borgarrettsrørsla skreiv forfattarar som Richard Wright og Gwendolyn Brooks om emne som rasistisk segregering og svart nasjonalisme. Særleg på 1960-talet blei svart politisk protest tydeleg, markert på ulikt vis med tekstar og talar av Martin Luther King jr., sjølvbiografien til Malcolm X og Eldridge Cleaver sin ideologiske Sjel på is. I dag har den afroamerikanske litteraturen blitt akseptert som ein integrert del av amerikansk litteratur med blant anna bøker som Røtter (1977) av Alex Haley, Purpurfargen (1982) av Alice Walker og Elskede (1987) av Toni Morrison, som alle har fått stor utbreiing og innverknad både i USA og i omsetjingar.

Karakteristikkar og tema mini|Martin Luther King jr. held talen sin «I Have a Dream» i 1963 I eit breitt perspektiv kan ein definera afroamerikansk litteratur som litteratur skriven av menneske med afroamerikansk opphav som bur i USA.Dickson-Carr, Darryl (2005): The Columbia Guide to Contemporary African American Fiction, New York: Columbia University Press, ss. 10-11. Afroamerikansk litteratur har generelt fokusert på den afroamerikanske rolla eller posisjonen innan det breiare amerikanske samfunnet og diskutert kva det betyr å vera amerikanar.Coon, Katherine Driscoll (1998): «A Rip in the Tent: Teaching African American Literature» i: Teaching African American Literature, red. ved M. Graham, Routledge, s. 32. Som professor Albert J. Raboteau ved Princeton University har uttalt, talar alle afroamerikanske studiar «til den djupare meininga av det afroamerikanske nærværet i denne nasjonen. Dette nærværet har alltid vore ei prøvesak for nasjonen sin påstandar om fridom, demokrati, likskap og at alle blir inkluderte». Afroamerikansk litteratur tek for seg emne som fridom og likskap som lenge blei nekta «farga» menneske i USA, saman med andre emne som afroamerikansk kultur, rasisme, religion, slaveri, ei kjensle av heim og tilhøyrsle, og meir.Prince, Valerie Sweeney (2005): Burnin' Down the House: Home in African American Literature, New York: Columbia University Press.

Afroamerikansk litteratur er både påverka av den store afrikanske diasporiske arva, og forma i mange land.Dickson-Carr, Darryl (2005): The Columbia Guide, s. 73. Han er blitt skapt innanfor den større verda av postkolonial litteratur, sjølv om litteraturforskarar skil mellom dei to og seier at «afroamerikansk litteratur skil seg frå det meste av den postkoloniale litteraturen i at han er skriven av medlemmer frå eit mindretal i samfunnet som lever på sida av nasjonen i form av innverknad og økonomisk situasjon».Mohanram, Radhika & Rajan, Gita (1996): English Postcoloniality: Literatures from Around the World, Connecticut: Greenwood Press, s. 135

Afroamerikansk munnleg litteratur er rik på poesi, inkludert spirituals, gospelmusikk, blues og rap. Denne munnlege poesien opptrer òg innan den afroamerikanske tradisjonen med kristne preiker, som mellom anna gjer bevisst bruk av gjentaking, rytme og bokstavrim. Afroamerikansk litteratur — særleg skriftleg poesi, men også prosa — har ein sterk tradisjon i samanfatta alle dei munnlege formene til ein kraftfull heilskap.Ward, Jr., Jerry W. (1998): To Shatter Innocence, s. 146 Den berømte talen til Martin Luther King jr. i Washington i 1963, «I Have a Dream», er eit utmerkt døme i så måte:

Let us not wallow in the valley of despair, I say to you today, my friends. And so even though we face the difficulties of today and tomorrow, I still have a dream. It is a dream deeply rooted in the American dream. I have a dream that one day this nation will rise up and live out the true meaning of its creed: «We hold these truths to be self-evident, that all men are created equal».

Desse karaktertrekka skjer ikkje innanfor alle verka i tradisjonen. Ein del forskarar har òg verja seg mot å nytta seg av vestleg litteraturteori for å analysera afroamerikansk litteratur. Henry Louis Gates, Jr. ved Harvard har uttalt at «Oppfordringa mi har vore å tillata den svarte tradisjonen å snakka for seg sjølv om vesenet sitt og dei ulike funksjonane hans framfor å bli lesen han eller analysera han etter litterære teoriar lånt i sin heilskap frå andre tradisjonar, bestemt utanfrå.» Ikkje desto mindre har afroamerikanske blitt vorte vurderte på tradisjonelt vis og mellom anna vunne Nobelprisen i litteratur.Gates, Jr., Henry Louis (1988): The Signifying Monkey: A Theory of African American Literary Criticism, New York: Oxford, side xix.

Historie

Tidleg afroamerikansk litteratur mini|Phillis Wheatley, portrettert av Scipio Moorhead på forsatsen til boka hennar 'Dikt om ulike emne', 1773 Afroamerikansk historie strekker seg lengre tilbake enn danninga av staten USA som eit sjølvstendig land, og afroamerikansk litteratur har tilsvarande djupe røter.

Lucy Terry (ca. 1730–1821) er forfattaren av det eldste kjente stykket afroamerikansk litteratur, «Bars Fight», som blei skrive i 1746, men diktet blei ikkje trykt før i 1855 då det blei inkludert i Josiah Holland sitt verk History of Western Massachusetts.

Diktaren Phillis Wheatley (1753–1784) gav ut diktsamlinga Poems on Various Subjects i 1773, tre år før det amerikanske sjølvstendet. Wheatley var fødd i Senegal, men blei tatt til fange og selt som slave sju år gammal. Ho blei frakta til Nord-Amerika som eigedommen til ein handelsmann i Boston. Då ho var 16 år hadde ho meistra det nye språket sitt engelsk. Poesien hennar er rost av mange dei leiande figurane frå den amerikanske revolusjonen, mellom anna George Washington som takka henne for eit dikt skrive til æra hans. Mange kvite fann det vanskeleg å forstå at ei svart kvinne kunne forfatta dikt av slik opphøgd kvalitet og Wheatley måtte forsvara seg i ei rettssak for bevisa at ho faktisk hadde skrive sine eigne dikt. Ein del litteraturforskarar har sitert Wheatleys suksessfulle forsvar som den fyrste heideren av afroamerikansk litteratur.Eichelberger, Julia (1999): The Norton Anthology of African American Literature Ho var særleg svak for å skriva i elegisk poesi forutan epyllion (korte episke dikt), og beundringen for poesien hennar førte til at ho bli sett fri og at ho kunne leva av inntektene sine som forfattar.«Phillis Wheatley», Women In History

Ein annan tidleg afroamerikansk forfattar var Jupiter Hammon (1711–1806?). Han er rekna for å ha vore den fyrste svarte peronsen som gav ut litteratur i USA, såleis før Wheatley (som gav ut dei fyrste dikta sine i England), med diktet sitt «An Evening Thought: Salvation by Christ with Penitential Cries» som eit stort flygeblad så tidleg som 1761. I 1778 skreiv han ein ode til Phillis Wheatley der han diskuterte den felles menneskeleheita og banda deira. Etter eit liv i slaveri heldt han ein tale, Adressering til negrane i staten New York (1806), då han var 76 år. Han uttalte at «Om vi nokon gong kjem til Himmelen vil vi ikkje finna nokon som vil klandra oss for vera svarte eller for å vera slavar.» Ein går ut frå at Hammon var slave til han døydde.Sernett, Milton C. (1999): African American religious history: a documentary witness, Duke University Press., s.42. Sitat: «If we should ever get to Heaven, we shall find nobody to reproach us for being black, or for being slaves.» Talen hans blei seinare trykka opp att av fleire abolisjonistgrupper. mini|William Wells Brown. William Wells Brown (1814–1884) og Victor Séjour (1817–1874) produserte dei tidlegaste skjønnlitterære prosaverka av afroamerikanske forfattarar. Séjour var fødd fri i New Orleans og flytta til Frankrike då han var 19 år. Der gav han ut novella «Le Mulâtre» («Mulatten») i 1837. Det er det fyrste kjente skjønnlitterære prosastykket av ein afroafrikanar, sjølv om det var skrive på fransk og trykt i eit fransk magasin. Séjour vende aldri tilbake til afroamerikanske emne i seinare tekstar. Brown, på den andre sida, var ein framtredande abolisjonist, førelesar, historikar og forfattar av romanar og skodespel. Han var fødd i fangenskap i sørstatane, men flykta nordover der han arbeidde for abolisjonistsaka og blei ein profilert forfattar. Han skreiv Clotel; or, The President's Daughter (1853), rekna som den fyrste romanen skriven av ein afroamerikanar, sjølv om romanen fyrst kom ut i England. Han var basert på eit vedvarande (og sant) rykte om at president Thomas Jefferson hadde fått ei dotter saman med slaven sin Sally Hemings.

Den fyrste afroamerikanske romanen som kom ut i USA var Harriet E. Wilson sin Our Nig (1859). Han uttrykte vanskane som frie svarte hadde med å leva i nordstatane. Boka var sjølvbiografisk, og blei raskt gløymd etter utgivinga, kanskje fordi innhaldet i henne sa at sjølv frie svarte ikkje verkeleg var frie, eit syn som ikkje stemte med dei faste temaa i slaveforteljingane. Då romanen blei gjenoppdaga av Henry Louis Gates, Jr. i 1982 fekk han derimot nasjonalt merksemd.

Slaveforteljingar mini|300x300pk|«Slavar ventar på å bli selde», Richmond, Virginia, måleri av Eyre Crowe 1861, basert på skisser frå 1853 Ein vesentleg, men ikkje eksklusiv undersjanger av afroamerikansk litteratur er slaveforteljingar. Desse forklaringane, vitnemåla og sjølvbiografiske forteljingane om livet som slave i sørstatane utvikla seg frå midten av 1800-talet. På denne tida førte kontroversen over slaveriet til følelsesladd litteratur på begge sider av saka. Romanar som særleg Onkel Toms hytte (1852) av Harriet Beecher Stowe representerte abolisjonistsida og motstanden mot slaveriet som eit vondskapsfullt system. I kontrast blei det skrive «Anti-Tom»-romanar av kvite sørstatsforfattarar til støtte for slaveriet som ein naturgjeven rett, og for å bevara sørstatssamfunnet. Desse romanane blei òg kalla for «plantasjeromanar» ettersom dei skildra livet på plantasjane som idyllisk.

Slaveforteljingar blei ein integrert del av afroamerikansk litteratur. Rundt 6000 slavar frå Nord-Amerika og Karibia skreiv eller vitna om liva sine som slavar, og rundt 150 av desse forteljingane blei gjevne ut som bøker eller pamflettar. Dei kan lauseleg delast inn i tre kategoriar: forteljingar om religiøs forsoning; forteljingar som inspirerte abolisjonistkampen; og forteljingar om framsteg. Dei agiterande skriftene som inspirerte abolisjonistkampen er dei mest kjende, ettersom dei tenderte til å ha sterke sjølvbiografiske motiv. Mange av dei er i dag anerkjende som dei mest litterære tekstane på 1800-talet skrivne av afroafrikanske forfattarar, og der to av dei best kjente er sjølvbiografien til Frederick Douglass og Harriet Jacobs si Hendelsene i livet til en slavepike (Incidents in the Life of a Slave Girl, 1861).

Frederick Douglass mini|Skisse av Frederick Douglass frå sjølvbiografien hans frå 1845