mini|Sherlock Holmes undersøker støvlane til ein mistenkt i ein illustrasjon til forteljinga «The Boscombe Valley Mystery» frå 1891. Detektivforteljing er ein undersjanger innan kriminallitteratur der ein detektiv eller etterforskar undersøker ei kriminalgåte, gjerne eit mord. Ei slik forteljing er ofte presentert som eit mysterium kring kva som har skjedd. Ulike teikn kring hendinga kan peika mot ein viss mistenkt, men detektiven grev gjerne vidare og avslører kva som eigentleg har skjedd i ein dramatisk finale. Mange slike forteljingar legg vekt på at lesaren skal ha tilgang på dei same peiketrådane som detektiven, slik at også han kan gissa kven som står bak.
Det finst detektivforteljingar frå oldtida, men den moderne detektivsjangeren oppstod på midten av 1800-talet, i lag med sjølve ordet «detektiv». Han er blitt verande svært populær, særleg i form av romanar. Utviklinga av sjangeren fell saman med industrialisering, der fleire framande folk kom saman i byar, og framveksten av eit moderne politivesen. Helten i ei detektivforteljing kan sjølv vera politi, arbeida saman med politiet, skugga unna frå det eller vera i konflikt med det. I tillegg til politifolk kan helten vera tidlegare politi, privatdetektiv eller ein amatør som av ulike grunnar blir innblanda i kriminelle gåter. Nokre av dei best kjende heltane i detektivlitteratur er C. Auguste Dupin, Sherlock Holmes og Hercule Poirot. Ungdomsforteljingar med Hardy-guttane, Nancy Drew og Mesterdetektiven Blomkvist har også vore på trykk i mange tiår.
Historie
Oldtida mini|Salomo dømmer. Glasmåleri frå Christ Church cathedral i Dublin. Nokre forskarar, som R.H. Pfeiffer, har hevda at visse oldtidstekstar liknar det ein seinare ville kalla detektivlitteratur. Til dømes kan ein sjå trekk av ei detektivforteljing i bibelsoga om Salomo sin dom over to kvinner som strir om eit barn, ved å provosera fram ei handling som viser kven den rette mora er.Stuart Lasine, "Solomon, Daniel, and the Detective Story: The Social Function of a Literary Genre", Hebrew Annual Review 11 (1987), pp. 247–66. I soga om Susanna og dei eldre (rekna til apokryfane i den protestantiske Bibelen), blir vitnemålet til to menn funne å vera falskt når dei blir krysseksaminerte av Daniel. Forfattaren Julian Symons har argumentert mot dette og sagt at «dei som leiter etter stykke av detektivarbeid i Bibelen og Herodot ser berre etter gåter», og at dette ikkje er detektivforteljingar. I skodespelet Kong Oidipus av den gamle greske dramatikaren Sofokles prøver kong Ødipus å finna ut kven som drap Laios, som var konge før han, og etter å ha spurd fleire vitne finn han ut at det er han sjølv som er skuldig i drapet. Sjølv om «Ødipus si etterforsking byggjer på overnaturlege, før-rasjonelle metodar som er tydelege i dei fleste krim-narrativ før utviklinga av opplysingstida sine tange på 1600- og 1700-talet, har denne soga «alle dei sentrale karakteristikkane og formelle elementa til detektivforteljinga, som eit mysterium kring eit drap, ein slutta krins av mistenkte, og den gradvise avdekkinga av ei fordekt fortid», ifølgje John Scaggs. Tidleg arabisk mini|Illustrasjon til 'Dei tre epla'. Tusen og ei natt inneheld fleire av dei eldste detektivforteljingane før den moderne sjangeren blei til. Eit døme er 'Dei tre eplene', ei av sogene Sjeherazad fortel. I denne soga finn ein fiskar ei tung, låst kiste ved elva Tigris, som han sel til abbasidekalifen Harun al-Rashid. Når kalifen bryt open kista finn han liket til ei ung kvinne skore opp i bitar. Harun gjev vesiren sin Ja'far ibn Yahya ordre om å løysa brotsverket og finna mordaren innan tre dagar, eller sjølv bli avretta om han mislukkast. Soga får spenning gjennom fleire plutselege endringar (plot twists) undervegs. Desse eigenskapane gjer at ho kan reknast som ein arketyp for ei detektivforteljing. Han går føre den omvende kronologien som ofte blir nytta i moderne detektivforteljingar, der soga byrjar med ei kriminell handling som er utført før ein byrjar ein gradvis rekonstruksjon av kva som har hendt.
Ein hovudskilnad mellom Ja'far i 'Dei tre eplene' og seinare oppdikta detektivar, som Sherlock Holmes og Hercule Poirot, er at Ja'far ikkje har eit eige ønske om å løysa saka. Mysteriet blir løyst når drapsmannen tilstår sjølv. Dette leier til eit nytt oppdrag der Ja'far må finna personen som forårsaka drapet, eller sjølv bli avretta. Igjen klarer ikkje Ja'far å finna den skuldige før tidsfristen, men ved hell oppdagar han ein viktig gjenstand, og klarer å løysa saka gjennom si eiga overveging slik at han unngår avrettinga.
To andre soger frå Tusen og ei natt, 'Kjøpmannen og tjuven' og «Ali Khwaja», inneheld også to av dei eldste oppdikta detektivane som finn spor og presenterer prov for å fanga eller dømma ein kriminell, med ei forteljing som går føre seg i kronologisk orden og med den skuldige allereie kjend for publikum. Den sistnemnde soga har eit klimaks der hovudpersonen Ali Khwaja legg fram prov frå ekspertvitne i retten.
Tidleg kinesisk mini|Statue av Bao Gong, rekna som ein rettvis embetsmann og ein modell for kinesiske detektivforteljingar. Gong'an-forteljingar (公案小说, bokstaveleg 'saksdokument frå ein offentleg rett') er den eldste kjende sjangeren med kinesiske detektivforteljingar.
Nokre kjende soger er 'Kritsirkelen' ( 灰闌記) frå Yuan-dynastiet, samlinga Bao Gong An (包公案) frå Ming-dynastiet og Di Gong An (狄公案) frå 1700-talet. Sistnemnde samling blei omsett til engelsk som Celebrated Cases of Judge Dee av den nederlandske sinologen Robert Van Gulik, som så brukte same stil og figurar til å skriva serien om Judge Dee på 1900-talet.
Helten eller detektiven i desse sogene var typisk ein tradisjonell dommar eller tilsvarande embetsmann, basert på historiske personar som dommar Bao (Bao Qingtian) eller dommar Dee (Di Renjie). Medan dei historiske personane kan ha levde i ein tidlegare periode, som Song- eller Tang-dynastiet, blei dei fleste sogene skrivne i sein Ming- eller Qing-perioden.
Desse romanane skil seg frå den vestlege tradisjonen på fleire punkt, som skildra av Van Gulik:
Detektiven er ein lokal magistrat som vanlegvis er innblanda i fleire saker utan samanheng med kvarandre samtidig; Ugjerningsmannen blir introdusert ved byrjinga av kvar forteljing, og brotsverket og grunnlaget for det er nøye forklart, slik at forteljinga blir ei omvend detektivforteljing meir enn eit mysterium; Sogene har overnaturlege element der skrømt kan fortelja folk om dødsfalla sine og tilmed anklaga den skuldige; Forteljingane kan innehalda digresjonar til filosofi, komplette tekstar av offisielle dokument og anna, slik at bøkene blir lange; Romanane har ofte store karaktergalleri, gjerne med hundretals namn, som alle blir skildra i høve til hovudkarakterane i soga.
Tidleg vestleg tradisjon mini|Illustrasjon til «The Murders in the Rue Morgue» av Edgar Allan Poe. Eit av dei eldste døma på detektivforteljingar i vestleg litteratur er Zadig (1748) av Voltaire, med ein hovudfigur som utfører imponerande analysar. Things as They Are; or, The Adventures of Caleb Williams (1794) av William Godwin skildrar eit rettssystem som vernar om mordaren og øydelegg den uskuldige. Thomas Skinner Sturr sitt anonyme verk Richmond, or stories in the life of a Bow Street officer kom ut i London i 1827; den danske krimforteljinga Præsten i Veijbye av Steen Steensen Blicher blei skriven i 1829, og den norske krimromanen Mordet paa Maskinbygger Roolfsen av Maurits Hansen kom ut i desember 1839.
«Das Fräulein von Scuderi» er ei novelle av E.T.A. Hoffmann frå 1819 der Mlle de Scudery slår fast at politiet sin favorittmistenkte for drapet på ein juveler er uskuldig. Denne soga er nokre gongar blitt kalla den fyrste detektivforteljinga, og som ein direkte påverknad på Edgar Allan Poe si «The Murders in the Rue Morgue» frå 1841. Ein annan føreslått påverknad på Poe er «The Secret Cell», ei novelle gjeven ut i september 1837 av William Evans Burton. Poe kan ha kjent til novella ettersom han arbeidde for Burton i 1839. Novella handlar om ein politimann som løyser mysteriet kring ei kidnappa jente. Detektiven i forteljinga til Burton nytta praktiske metodar, som lokale undersøkingar, kjennskap til underverda og løynd overvaking, heller enn stort intellekt eller ein veldig fantasi.
Engelsk sjangergrunnlegging Engelskspråklege detekivforteljingar er rekna for å ha byrja i 1841 med Poe si «The Murders in the Rue Morgue», der ein møtte «the first fictional detective, the eccentric and brilliant C. Auguste Dupin». Då figuren fyrst opptredde var ikkje ordet detective i bruk i engelsk; men namnet til figuren, «Dupin», kom frå det engelske ordet dupe eller 'villeiing'. Poe laga ei «plott-oppskrift som har hatt suksess sidan, med nokre få ulike variablar lagt til eller trekt frå.»Kismaric, Carole and Heiferman, Marvin. The Mysterious Case of Nancy Drew & The Hardy Boys. New York: Simon & Schuster, 1998. s. 56. Poe følgde opp med fleire forteljingar om Auguste Dupin: «The Mystery of Marie Rogêt» i 1842 og «The Purloined Letter» i 1844.
William Russell (1806–1876) var ein av dei fyrste engelske forfattarane til å skriva oppdikta «politimemoar». Han skreiv ein serie soger (under pseudonymet Waters) som kom ut med ujamne mellomrom i Chambers's Edinburgh Journal mellom 1849 og 1852. Tolv av dei blei gjevne ut i boka Recollections of a Detective Police-Officer som kom ut i London i 1856. mini|Illustrasjon frå Bleak House av Charles Dickens. Ifølgje litteraturkritikaren Catherine Ross Nickerson skapte Louisa May Alcott det nest eldste verket innan moderne detektivlitteratur, etter Poe sine soger om Dupin, med novella «V.V., or Plots and Counterplots» frå 1865. Alcott gav ut denne teksten anonymt, og tok for seg ein skotsk aristokrat som prøver å visa at ei mystisk kvinne har drepe den trulova kusina hans. Detektiven i dette høvet, Antoine Dupres, er ein parodi på Auguste Dupin som er mindre oppteken av å løysa mysteriet og meir av å stella til ei dramatisk framlegging av løysinga. Ross Nickerson peiker på at mange amerikanske forfattarar som eksperimenterte med sjangerreglane fastlagde av Poe var kvinner, som fann opp ein undersjanger av heimleg detektivlitteratur som bløma som sin eigen sjanger i fleire generasjonar. Blant desse var Metta Fuller Victor sine to romanar The Dead Letter (1867) og The Figure Eight (1869). The Dead Letter er det fyrste dømet på amerikansk kriminallitteratur i lang form.
Émile Gaboriau var ein pioner innan detektivlitteratursjangeren i Frankrike. I Monsieur Lecoq (1868) er tittelfiguren flink til å forkle seg, eit typisk trekk ved mange detektivar.Bonnoit, R: Émile Gaboriau ou la Naissance du Roman Policier, Paris: Librairie Philosophique J Vrin, 1985, s. 198 Gaboriau er også rekna som å ha det fyrste dømet på ein detektiv som nøye studerer ein åstad for å finna spor.
Charles Dickens har eit mordmysterium som biplott i romanen Bleak House (1853). Advokaten Tulkinghorn blir drepen på kontoret sitt ein sein kveld, og mordet blir etterforska av Inspector Bucket frå Metropolitan police. Fleire figurar hadde vore i trappa som leia til Tulkinghorn sitt kontor den kvelden, nokre av dei i forkleding, og Inspector Bucket må finna ut av desse mysteria for å finna mordaren. Dickens let også etter seg ein ufullendt roman med eit forsvinningsmysterium då han døydde, The Mystery of Edwin Drood.Kate Dickens Perugini (1906), "Edwin Drood and the Last Days of Charles Dickens", Pall Mall Magazine, Vol. 37. mini|«I went to the cabinet. The drawer was empty.» Illustrasjon til The Moonstone av Wilkie Collins.