Jeannette Eleanor Wirz (fødd Altwegg; ) var ein kunstløpar som representerte Storbritannia. Ho vart verdmsmeister 1951 og olympisk meister 1952 i singelløp, begge åra vart ho også europameister.

Karriere Altwegg vart fødd i Bombay i India, med skotsk mor og sveitsisk far. Ho voks opp i Liverpool. Under Vinter-OL 1948 i St. Moritz sikra ho seg bronsemedaljen i singelløp. Ho kom også på tredjeplassen i så vel EM 1949 som VM 1949. Sesongen etter kleiv ho ho opp på sølvplassen ved EM i kunstløp 1950 i Oslo, og ved VM 1950 i London. Vinteren 1951 skøyta Altwegg til EM-gull i Zürich og VM-gull i Milano. Etter å ha sigra i singelløpet under Kunstløps-VM 1952 og Vinter-OL 1952 i Oslo, la Altwegg opp.

Ho var gifta med ein sveitsar og busette seg i Sveits.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jeanette Altwegg» frå , den 18. januar 2023.

Kategori:Britiske kunstløparar Kategori:Verdsmeistrar i kunstløp Kategori:Olympiske meistrar for Storbritannia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Olympiske medaljevinnarar i kunstløp Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1948 Kategori:Britiske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Kunstløparar under vinter-OL 1948 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1952 Kategori:Britiske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Kunstløparar under vinter-OL 1952