mini|Sanking av østers i Sine-Saloum-mangrovar i Senegal. Guineansk mangrove er ein økoregion prega av mangrovesumper i elvar og estuar ved kysten av Vest-Afrika frå Senegal til Sierra Leone.
Skildring Guineansk mangrove opptrer ved Saloum- og Casamance-deltaet i Senegal, i dei lågare delane av Gambiaelva, langs mykje av kysten til Guinea-Bissau, mellom anna ved Cacheu- og Mansoaelva, nord i Guinea og ved mykje av kysten til Sierra Leone, medrekna Sherbroelva. Mangrovane veks i flate viker og estuar der tidvatnet skyller varmt saltvatn høgt opp elvene, i denne økoregionen så langt som 100 km, til dømes i Cacheuelva i Guinea-Bissau.
Flora Det finst ulike typar mangrovar i sona, med Rhizophora, Laguncularia racemosa og Conocarpus erectus som blir opptil 10 meter høge i større område av Rhizophora og Avicennia. Dei høgaste trea kan bli 40 meter høge, og dannar ein slags galleriskog langs vassvegane, medan mudderflatene mellom vassvegane har mykje lågare tre. Skogkantane i innlandet har gras, bregnar og saltkjære plantar. Artsmangfaldet i floraen er mindre i denne økoregionen enn i austafrikansk mangroveskog.
Fauna Mangrovesumper inneheld viktige næringskjelder for fiskar, fuglar og andre dyr. Marine dyr er mellom anna østers og reker. Pattedyr her er mellom anna senegalmanat. Fuglar i desse våtmarkene omfattar goliathegre, purpurhegre, kuhegre, krabbehegre, strandhegre, rosenflamingo, dvergflamingo, afrikaskeistork og heilagibis. Skogane dannar også viktige habitat for trekkfuglar.
Trugsmål og vern Mangrovehabitat er truga av hogst der ein bruker trea til tømmer eller ved, eller der ein ryddar skog for å dyrka ris på staden. Habitatet er også truga av lågare nedbørmengder i området dei siste tiåra. I Sør-Senegal er det gjort arbeid med å planta mangrovar att. Urbane område nær angrovane er hovudstadane i Gambia, Banjul, og i Guinea-Bissau, Bissau. Nasjonalparkar i området omfattar Saloum Delta nasjonalark og Basse Casamance nasjonalark i Senegal, Niumi nasjonalark i Gambia og Tarafes de Cacheu naturpark i Guinea-Bissau. Elvedeltaet til Saloum kan ein også nå frå landsbyen Foundiougne i Senegal.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Guinean mangroves» frå , den 27. januar 2023.
Kategori:Afrotropiske økoregionar Kategori:Natur i Gambia Kategori:Natur i Guinea Kategori:Natur i Guinea-Bissau Kategori:Natur i Côte d’Ivoire Kategori:Natur i Liberia Kategori:Natur i Senegal Kategori:Natur i Sierra Leone Kategori:Mangrovar