mini|Hákarl heng til tørk på Brarnahöfn på Island. Hákarl, eller kæstur hákarl er ein islandsk matrett som vert laga av håkjerring eller brugde. Fiskekjøtet vert konservert gjennom ein fermenteringsprosess.

Framstilling mini|Vakumpakka hákarl i ein butikk Haikjøtet vert reingjort og skore i stykke. Tradisjonelt har det så vorte nedgreve i, gjerne sandhaldig jord i 6–12 veker, alt etter årstid. Då gjennomgår det ein gjæringsprosess. Denne prosessen kan og foregå ved at kjøtet ver plassert i treboksar. Etter gjæringa vert haikjøtet så hengt til tørk i 3 – 4 månader.

Hákarl har ein sereigen ammoniakaktig fiskesmak og lukt. Og liksom annan fermentert mat, som til dømes surströmming, har han fått ord på seg av å vere nesten uråd å ete. På Island, der mange har erfaring med denne retten, vert han sett pris på. Hákarl er vanleg å få kjøpt i islandske butikkar året rundt.

Sjå og Surströmming Rakfisk

Fotnotar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hákarl» frå , den 29. januar 2023.

Opskrift på Hákarl

Kategori:Fiskeretter Kategori:Islandsk mat Kategori:Fermentering