OpenAI er eit selskap og eit forskingslaboratorium for kunstig intelligens (KI) grunnlagd i 2015 i San Fransisco i USA. Det blei etablert som eit partnarskap mellom ikkje-profitt morselskapet OpenAI og eit dotterselskap OpenAI LP med føremål å skape profitt. OpenAI utfører KI-forsking med den erklærte intensjonen om å fremje og utvikle ein vennleg KI. OpenAI-systemet køyrer på den femte kraftigaste superdatamaskina i verda. Organisasjonen fekk ein startkapital på 1 milliard dollar. I 2019 investerte Microsoft 1 milliard dollar i OpenAI LP. Annonsering av ei andre investering frå Microsoft kom i januar 2023, rapportert å vere på til saman 10 milliardar dollar.

Kjelder

Artikkelen bygger innleiinga på «OpenAI» frå , den 13. februar 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kunstig intelligens Kategori:Skipingar i 2015 Kategori:USA-amerikanske IT-føretak Kategori:Næringsliv i San Fransisco