mini|Byste av Julius Cæsar. Julius er eit romersk slektsnamn som seinare er kome i bruk som mannsnamn.
Det kan ha opphav i latinske iovilius, 'vigd til Jove', det vil seia guden Jupiter, eller stamma frå gresk ioulos (ιουλος), 'dun-skjegga'.
Kortformer av namnet er Jul, Julie og Lius. Jules, Julian og Julio er variantar, medan Julia og Juliane er kvinnelege former.
Julius har svensk namnedag den 16. februar og norsk den 12. april.
Bruk Namnet Julius var brukt av ein tidleg pave og helgen, men var lite vanleg i mellomalderen. Det blei teke opp att som namn under renessansen i Italia og Frankrike, og spreidde seg så til resten av Europa.
Julius var utbreidd som døypenamn for norske gutar på midten av 1800-talet.
Namneberarar mini|Julius Nyerere ved slutten av 1950-talet. Julius Cæsar (100–44 f.Kr.), romersk keisar Pave Julius I pave 337–352, katolsk helgen Pave Julius II (1443–1513) Pave Julius III (1487–1555)
Julius Hammer (1798–1877), norsk stortingsmann Julius Olsen (1832–1908), norsk stortingsmann Julius Richard Petri (1852–1921), tysk medisinar, fann opp petriskåla Julius Martov (1873–1923), russisk politikar Julius Braathe (1877–1914), norsk skyttar Julius Cæsar Hartmann (1885–1969), norsk kunstnar
Julius Hougen (1906–1993) journalist og mediemann Julius Kambarage Nyerere (1922–1999), tanzaniansk frigjeringsleiar og den første presidenten i landet Julius Paltiel (1924–2008), norsk jøde som overlevde Holocaust Julius Erving (f. 1950), USA-amerikansk basketballspelar Julius Jones (f. 1981), amerikansk fotball-utøvar frå USA
Annan bruk Sjimpansen Julius, kjend sjimpanse fødd i Kristiansand Dyrepark i 1979
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Julius» frå , den 11. april 2009.
behindthename.com
Kategori:Mannsnamn kategori:førenamn av latinsk opphav kategori:romerske slektsnamn